Ny E39 Smiene - Harestad krevjande for jordvernet

Tastakrysset

Statsforvalteren har i brev av 22.05.2024 gitt uttale til reguleringsplan for E39 Smiene-Harestad. Vi har ein del faglege råd, m.a. om støyrapport, vasshandtering og kontroll av tungmetall. Nytt Tasta-kryss er krevjande ut frå jordvern, og vi stiller spørsmål til om det er nødvendig.

Publisert 11.06.2024

Strekninga er delt i to reguleringsplanar, med ein del for kvar av kommunane Stavanger og Randaberg. Vegtraseen er i hovudsak i tråd med kommunedelplan, men det er lagt inn eit nytt kryss ved Høyesvingen, omtalt som Tasta-krysset.

400 meter miljøkulvert på Tasta

Statsforvalteren har gjennom prosessen med kommunedelplan stilt krav om tilstrekkeleg lang miljøkulvert ved Tasta skole, og dette er nå løyst ved at det er lagt inn ein 400 meter lang kulvert. Dette er først og fremst ut frå omsyn til støy. Samstundes tilfører kulverten 41 dekar nytt friområde i forhold til gjeldande reguleringsplanar.

Landbruk og jordvern

Ny veg i dette området vil klart vere krevjande sett ut frå omsyn til jordvern.

Det at vegen nå er dimensjonert ned frå 110 km/t til 90 km/t gir klar reduksjon i arealbeslag. Det nemnte Tasta-krysset vil gi klare negative konsekvensar for jordbruket, både i form av arealtap og av omsyn til ulemper for rasjonell drift. Vi har difor utfordra til å revurdere behovet for dette krysset.

Vår uttale finn du som vedlegg til denne artikkelen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.