Nedgang i omdisponeringa av dyrka jord

Førebelse KOSTRA-tal viser at det i Rogaland blei omdisponert mindre dyrka jord i 2024 samanlinka med tidlegare år. Ei omdisponering på 425 dekar i fjor viser likevel at det er mykje arbeid igjen for å nå det regionale jordvenmålet på 200 dekar.
Førebelse tal for KOmmune-STats-RApporteringa (KOSTRA) viser at det i 2024 blei omdisponert 425 dekar dyrka jord og 129 dekar dyrkbar jord i Rogaland til andre føremål. For dyrka jord er dette lågare enn tidlegare år, mens det er motsett for dyrkbar jord.
Nokre kommunar skil seg ut
Time kommune omdisponerte klart mest dyrka jord i 2024 med 134 dekar. Etter dette kjem Stavanger (80 dekar), Hjelmeland (68 dekar), Randaberg (54 dekar) og Hå (52 dekar). Dette er alle store og viktige jordbrukskommunar med eit særskilt ansvar for å sikre omsynet til jordvern. Omdisponeringa i 2024 bygger likevel ofte på val som er tatt tidlegare gjennom kommuneplan, eller i samband med større samferdsletiltak.
Tid for planvask
Rogaland har ein svært stor arealreserve på om lag 114.000 dekar til utbyggingsføremål, kor 23.000 dekar av dette er dyrka mark i 2023 (Areal- og naturrekneskap frå Rogaland Fylkeskommune). Det er ikkje tenkeleg at heile denne arealreserven skal byggast ut, og i tråd med nasjonale og regionale føringar for jordvern og arealplanlegginga må kommunane gjere ein planvask av sine kommune- og reguleringsplanar ved å føre tilbake tidlegare omdisponert jordbruksareal til LNF-føremål. Dette er også tal som skal rapporterast i KOSTRA som positivt bidrag til statistikken.
Statsforvaltaren skal kvalitetssjekke tala
Statsforvaltaren får kvart år i oppdrag frå LMD å kvalitetssjekke KOSTRA-tala. Dette for å sjå til at tala er så korrekte som mogleg ut i frå den kunnskapen vi har om planaktiviteten i kommunane, og om det er openberre fel i tala. Etter at vi har kontrollert tala kjem endelege KOSTRA-tal i april/mai inneverande år.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13 -
Helene Medhus Skedsmo
Tlf: 51 56 88 21 -
Aurora Skimmeland
Tlf: 51 56 87 08 -
Rune Lian
Tlf: 51 56 87 54

