No må vi ta jordvern på alvor!
Landbruks- og matdepartementet har 24.01.2025 kome med eit eige motsegnsrundskriv for jordvern. Rundskrivet tydeleggjer viktigheita av eit sterkt jordvern, og klargjer og gir føringar for når Statsforvaltaren skal fremje motsegn til kommunale planar.
Rundskrivet gir i seg sjølv ikkje nokon ny praksis, men bygger på eksisterande statlege føringar for jordvern slik som nasjonale forventingar, nasjonal jordvernstrategi og retningslinjer for motsegn.
I rundskriv av 24.01.2025 sende Landbruks- og matdepartementet (LMD) ut beskjed til alle statsforvaltarane om "Nasjonale og vesentlege regionale interesser innanfor jordvern - klargjering av motsegnspraksis". Rundskrivet klargjer kva som er nasjonale og vesentlege nasjonale interessar innanfor jordvern og når statsforvaltarane skal vurdere motsegn til omdisponering av dyrka og dyrkbar jord i kommunal planlegging.
Beredskap og matsikkerheit
I rundskrivet blir viktigheita av å ta vare på dyrka og dyrkbar jord løfta fram med omsyn på sjølvforsyning og mattryggleik. At Noreg må ta ansvar for eigen matproduksjon er løfta fram i NOU 2023:17 "Nå er det alvor":
"Å ivareta ressursgrunnlaget for norsk matproduksjon gjennom god forvaltning av ressursene i havet og på land er sentralt for forsyningssikkerheten. I et slikt perspektiv er jordvern viktig. I tillegg til matsikkerhet handler jordvern også om for eksempel flomvern, mikrobiologi og karbonbinding."
"Jordvernets betydning for norsk matsikkerhet er forsterket i lys av den endrede geopolitiske situasjonen, bedre kunnskap om konsekvensene av klimaendringene og andre forhold som kan svekke global matproduksjon."
Tid for planvask
Rundskrivet om motsegnspraksis viser til at det er viktig å ha eit oppdatert og ryddig kommuneplankart hjå kommunane. Å ikkje gjennomføre planvask er grunnlag for å komme med motsegn og viser også til vurdering frå Kommunal- og distriktsdepartementet om fristen på ti år for å gjennomføre ein plan ikkje er absolutt.
Vidare er ikkje planvask eller nydyrking eit argument for å godta omdisponering annan stad.
Jordvernet skjer i kommunen
Kommunane har ei svært viktig rolle i jordvernarbeidet og har allereie i dag tydelege føringar og verktøy for å sikre omsynet til jordvern i dei aller fleste saker. Rundskrivet frå LMD syner dette og gjer det klart når statsforvaltaren må gripe inn med motsegn.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13 -
Aurora Skimmeland
Tlf: 51 56 87 08 -
Malene Hassel Sørensen
Tlf: 51 56 88 40 -
Helene Medhus Skedsmo
Tlf: 51 56 88 21 -
Rune Lian
Tlf: 51 56 87 54