Manglar oversikt over bruk av opsjonsavtalar i Rogaland

Mange sperra nok auga opp då dei kunne lese om bonden som takka nei til 150 millionar til utbyggjarar i Time kommune. Statsforvaltaren i Rogaland har grunn til å tru det er opsjonsavtalar i bruk fleire plassar i fylket, men manglar oversikt over utstrekning og omfang.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.02.2021

Landbruksdirektoratet anbefalte i 2016 å regulere opsjonsavtaler om utbygging av dyrka og dyrkbar jord i jordloven i sin rapport: Opsjonavtaler om utbygging av dyrka og dyrkbar jord –  hvordan sikre åpenhet og begrense bruken? Rapporten kom etter ei bestilling frå Landbruks- og Matdepartementet. Inntektene frå opsjonsavtalar kan føre til lågare motivasjon for å satse på jordbruk, og press på lokalpolitikarar for å få omdisponert jordbruksareal til utbygging.

Forslaga i rapporten er ikkje ført til endra regelverk. Vi manglar framleis oversikt over kva betydning bruk av slike avtalar har for arealdisponeringane i Rogaland. Statsråd Bollestad (LMD) og statsråd Nikolai Astrup (KMD) har nyleg bedt kommunane om å ivareta jordvern og berekraftsmåla i kommunal arealplanlegging, noko som etter vår vurdering aktualiserer dette med regulering av opsjonsavtalar.

Utfordrar jordvernet

Vi har ved fleire høve peika på at opsjonsavtalar utfordrar jordvernet, m.a. då nemnte rapport blei lagt fram. Vi har også i ettertid gjort same erfaring, spesielt på Nord-Jæren der vi nå står føre fleire krevjande jordvernsaker. Statsforvaltaren i Rogaland vil særleg peike på at opsjonsavtalar utfordrar det som skal vere opne demokratiske prosessar i arealforvaltninga og samfunnsplanlegginga. Vi meiner at det framleis er eit behov for regulering av opsjonsavtalar, ikkje minst for å kunne følgje opp det nye brevet om å ivareta jordvern. Vi vil også peike på at regjeringa la fram forslag om å utgreie tinglysing av opsjonsavtalar som aktuelt tiltak i samband med oppdatert nasjonal jordvernstrategi i 2018.  

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner