Regional jordvernkonferanse 2. oktober

Jordvernet får sin eigen konferanse i Haugesund 2. oktober. Her blir fortetting av bustadområde, transformasjon og konsentrert utbygging sett på programmet. Vi anbefaler politikarar, tilsette i kommunane og andre interesserte om å sette av datoen allereie no.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.04.2017

Landbruks- og matdepartementet, LMD har bedt fylkesmennene i Hordaland og Rogaland om å arrangere ein felles konferanse om jordvern.

LMD meiner det er viktig å følgje opp den nasjonale jordvernkonferansen 7.juni med regionale konferansar i pressområda. Difor har departementet utfordra Hordaland og Rogaland, og Trøndelags-fylka. Departementet peikar på kommunane som ei viktig målgruppe for konferansen, men med sentrale tema som fortetting, transformasjon og konsentrert utbygging, er også andre velkomne til å melde seg på.

Fylkesmennene i Rogaland og Hordaland er i gang med arbeidet. For å få innspel til programmet har vi sendt ut brev til eit knippe organisasjonar. Men skulle også du som les dette ønske å gi innspel, så send det til fmhopostmottak@fylkesmannen.no innan 12.mai.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.