Nytt jordvernmål vedtatt
Stortinget krev betre vern av matjord, og reduserer målet for årleg omdisponering av dyrka jord frå 6 000 til 4 000 dekar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Stortinget behandla tirsdag denne veka forslag frå regjeringa til Nasjonal jordvernstrategi, og fastsette det årlege målet for omdisponering av dyrka mark til 4 000 dekar. Stortinget ber regjeringa sørge for at målet blir nådd gradvis innan 2020. Vidare blir regjeringa bedt om å utgreie og vurdere ei rekkje tiltak og innskjerpingar i lovverket for å styrkje jordvernet. Mellom anna skal det vurderast ei forsterking av verneføresegna i jordlova.
I Rogaland har 12 000 dekar matjord blitt bygd ned dei siste 10 åra, noko som tilsvarar eit gjennomsnitt på 1 200 dekar årleg. Rogaland har om lag 10 % av jordbruksarealet i Noreg, og med det nye nasjonale målet bør ikkje Rogaland byggje ned meir enn 400 dekar kvart år. Fylket har derfor ein lang veg å gå for for å kunne bidra til at det nasjonale målet blir nådd. Hushaldering, transformasjon og fortetting ved kollektivknutepunkt og kollektivaksar må prioriterast framover for å sikre nasjonale jordverninteresser og matjorda i fylket.