Arealkrevjande landbruksbygg og landbruksnæringa si nedbygging av jordbruksareal

I rapport 2017/14 «Nedbygging av jordbruksareal» utarbeida av Statistisk sentralbyrå (SSB) og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er den faktiske nedbygginga av jordbruksareal i åra 2004-2015 kartlagt. I Rogaland er det i perioden bygd ned totalt 16 923 dekar jordbruksjord, kor 16 % eller 2 715 dekar er bygd ned til landbruksformål. Kor vi plasserer bygga og planlegg tunet har mykje å sei for arealbeslaget.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.12.2017

Plasskrevjande effektivisering


Gjennom effektiviseringa av landbruket og dreiing mot større bruk kan vi sjå at nye store landbruksbygg veks fram. Heving av konsesjonsgrensa på kylling, som krav om lausdrift og robotens inntog er med på å gjere bygga større. Resultatet er auka matproduksjon og betre dyrevelferd. Baksida er at desse bygga, sjølv om dei er effektive, også er svært plasskrevjande.

Bygging av nye driftsbygningar er ei kostbar investering, skal vere arbeidsplassen og gi grunnlag for innteninga på garden i fleire tiår. Byggjekostnad er ei viktig faktor for driftsoverskotet. Nærleik til tunet og driftsapparatet på garden er ofte viktig for gardbrukarens arbeidskvardag. Sjølv om dei aller fleste ikkje ønskjer å ta i bruk fulldyrka jord til bygging av landbruksbygg, er det i ei enkeltsak lett å forstå i eit økonomisk og driftsretta perspektiv at bygging på fulldyrka jord opp til tunet ofte blir løysinga.

 

Høgt forbuk av jordbruksjord- kva kan vi gjere?

Som nemnt blir totalforbruket av jordbruksjord samla sett svært høgt. Dette blir særleg tydeleg når ein ser at 71 % av nedbygginga har skjedd på den beste fulldyrka jorda. Landbruket si nedbygging er eige tema i utarbeidinga av regional jordvernstrategi. No må vi begynna å stilla oss spørsmål ved plassering og arealbeslag av landbruksbygg
Til døme;

  • Er bruk av fulldyrka jord til kyllinghus og grisehus rasjonelt? Kan dei plasserast ein annan plass?
  • Kan riving av eldre/utdaterte driftsbygningar gjere rom for nye bygg i tunet?
  • Kan makebytte i større grad nyttast for å skaffe seg byggegrunn utan å nytta den beste jorda?

Eit første utkast til jordvernstrategien er nå utarbeida og blei lagt fram for ressursgruppa i møte 20.12.2017.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.