2015 - FN-året for vern av matjord
FN sin organisasjon for landbruk og mat (FAO) markerer i 2015 det internasjonale året for vern av matjord. Året skal rette merksemd på kor viktig ei bærekraftig forvaltning av matjorda er og sikre denne verdfulle naturressursen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Matfylket Rogaland har 1.071.000 dekar jordbruksareal. Snaut 600.000 dekar dyrka jord (55 prosent) og snaut 500.000 dekar innmarksbeite (45 prosent). Desse areala, driftige bønder og gode vekstvilkår gjer oss til Matfylket Rogaland.
FN-året for vern av matjord vil sette ekstra fokus på jordvern og jordsmonn som naturressurs.
Matfylke Rogaland er det fylket i Noreg som har bygd ned mest dyrka jord dei siste åra.
3 prosent av landarealet i Noreg er i dag dyrka jord – medrekna overflatedyrka jord og innmarksbeite – eller om lag 10 millionar dekar (1 dekar = 1000 kvadratmeter).
Berre 30 prosent av dette eignar seg til å dyrke matkorn på. Ingen EU-land har lågare andel. 90 prosent av jordbruksareala går i praksis i dag til å dyrke dyrefôr, som blir omsett til kjøtt, mjølk eller egg. Det totale jordbruksarealet i Noreg har auka dei siste 25 åra, men den beste jorda – kor vi kan produsere korn, poteter og grønsaker – er blitt redusert. Forklaringa er at det er blitt meir innmarksbeite, medan fulldyrka jord mange stader er blitt bygd ned i samband med byvekst - til bustad, næring og samferdsle.
Les meir om Jordåret 2015 hos Skog og landskap
Les meir om 2015 International Year of Soils
Les meir om Jordvern på Landbruks- og matdepartementet si nye temaside