Vent litt med gjødslinga!

Dei siste dagane har nok gradestokken fått mange bønder til å tenke på våronna. Vi ber alle om å vente med å køyre ut husdyrgjødsla til jorda er lagleg.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.02.2021

Framleis er jorda vassmetta og mange stader er det ennå tele. Blir det køyrd ut husdyrgjødsel under slike forhold er det stor fare for avrenning og forureining av nærliggande vassdrag. Sjølv om datoen 15. februar (sett i forskrift om organisk gjødsel) er passert, er det enno ikkje tilrådeleg å gjødsle. Bruk av slepeslangar ved gjødslinga gir mindre marktrykk og mindre fare for jordpakking, men jorda vere i stand til å infiltrere husdyrgjødsla ho blir tilført. Difor er det viktig å unngå spreiing på vassmetta jord. 

I 2020 var det fleire episodar der husdyrgjødsla gjorde ugangn i vassdraga. Vi håper vi unngår det i år. 

Tilskot til gjødselager

Det er framleis mogleg å søke Innovasjon Norge om tilskot til å bygge nye gjødsellager.  Gjødsellager er med i dei regionale prioriteringane for landbruksmidlar i 2021, og det er midlar attende.  

 

 

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.