Rapport om måling av inntekt i jordbruket
Ekspertutvalet for måling av inntekt i jordbruket, Grytten-utvalet, har den 03.10.22 lagt fram sin rapport – NOU 2022:14. Rapporten skal nå på høyring i 3 månader.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det blei avtalt i jordbruksoppgjeret i 2021 at det skulle setjast ned eit ekspertutval for å sjå på korleis bøndene si inntekt blir utrekna i samband med jordbruksoppgjeret. Oppdraget var å få fram forslag om ein betre utrekningsmåte. Utvalet hadde først ein leveringsfrist som var 1. juli 2022, men denne blei utsett.
Inntektsmålet viktig for å nå andre mål i jordbrukspolitikken
Det er eit viktig landbrukspolitisk mål at bonden skal ha lik inntektsutvikling som i andre yrker, ikkje minst fordi bonden har ei viktig rolle knyta til andre viktige mål, som t.d. nasjonal matsikkerheit. Samstundes er det krevjande å ha eit godt måleverktøy for inntekta til bøndene. Forslaget frå utvalet er å modifisere dagens bruk av Totalkalkylen meir i tråd med standard rekneskapsoppsett.
Rapporten blir lagt ut på høyring
Utvalet har lagt fram fleire forslag til justering av inntekt, og nå er det lagt opp til høyring av det som kjem fram i rapporten. Det blir 3 månaders høyringsfrist.
Meir informasjon og rapporten finn du på nettsida til Landbruks- og matdepartementet.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13