NIBIO skal berekne konsekvensar av auka spreiearealkrav
Landbruks- og matdepartementet ber NIBIO berekne økonomiske konsekvensar av nye krav for bruk av fosforhaldig gjødsel. Forslaget inneber inntil 40 prosent reduksjon av fosfortilførslene på jordbruksareal frå husdyrgjødsel. For Rogaland skal dei sjå på konsekvensar av iverksetting etter høvesvis 8 og 12 år.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 13.10.2021
NIBIO skal synliggjere konsekvensane for eit representativt utval av produsentar på føretaksnivå, fordelt på ulike produksjonar og i ulike delar av landet. Les meir om oppdraget til NIBIO på nettsidene til Landbruks- og matdepartementet.
Kontaktpersoner
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66