Landøyda – eit aukande problem i Rogaland

Landøyda.
Beiting av landøyda gir leverskadar, særleg hest og storfe er utsett. Foto: Arne J. Lyshol.

Landøyda er ei svært giftig plante som spreier seg lett dersom ho ikkje blir fjerna. Ein ny avtale tillèt bønder å nedkjempe planten langs fylkesvegar, og no oppmodar vi alle til å både registrere førekomstar av planten og til å sette inn nødvendige tiltak.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.03.2021

Aukande problem

Landbruksforvaltninga sitt inntrykk er at landøyda er eit aukande problem. Det viser resultata frå ei nyleg spørjeundersøking retta mot kommunane. Landøyda finn vi både langs vegkantar, på skrotemark og på beite som ikkje blir skikkeleg stelt. Akkurat kor stor utbreiinga er, og i kva omfang planten gir problem for beitedyr har verken landbruksforvaltninga, Mattilsynet eller vegeigarar oversikt over. Difor ønskjer vi betre oversikt over kvar vi finn landøyda i Rogaland og omfang av leverskadar på beitedyr.

Vi treng di hjelp til å registrere landøyda

Vi oppmodar alle til å finne fram mobilen og registrere inn landøyda i Artsdatabanken sitt rapporteringssystem Artsobservasjoner. Her blir alle observasjonar kartfesta og data kan brukast av alle. Planten er lettast å få auge på når ho blømer på seinsommaren.  

imagejjfdk.png

Gir leverskadar hos beitedyr!

Spesielt hest og storfe er følsame for giftstoffa i landøyda. I følgje Veterinærinstituttet gir landøyda leverskadar som utviklar seg seint etter inntak av betydelege mengder av planten. Dyra blir avmagra og får illeluktande mørk diare. Giftstoffa blir att i planten ved tørking og ensilering og følgjer med på fôrbrettet dersom planten blir hausta. Ein må vere særleg merksam på at planten forandrar smak etter sprøyting og tørking, og plantene bør absolutt fjernast frå beiteareal. Mattilsynet opplyser om at det etter matlova § 17 er forbod mot å gi dyr fôr eller omsette fôr som ikkje er trygt å ete.

Ny avtale om nedkjemping langs fylkesvegar

Rogaland bondelag har nyleg fått avtale med Rogaland fylkeskommune om nedkjemping av landøyda langs fylkesvegar på fylkeskommunal grunn. Avtala gjeld vegareal som ligg nært opptil bøndene sine eigne eller leigde areal. Dersom vegkanten er registrert som artsrik i norsk vegdatabase får bøndene ikkje lov å bruke sprøytemiddel. Desse vegkantane må lukast manuelt. Oversikt over artsrike vegkantar finn du på Statens vegvesen sin kartportal VEGKART. Skriv artsrik vegkant inn i søkefeltet og zoom inn på ønska område.

God HMS er viktig for alle som arbeider langs veg. Avtalen legg til grunn at den som utfører sprøytinga har nødvendige godkjenningar og følgjer krava i forskrift om plantevernmiddel. Avtalen føreset også at arbeidet blir gjort etter gjeldande regelverk for å sikre den som utfører sprøytinga og vegtrafikkantar. Den som skal utføre arbeidet er ansvarleg for å sette seg inn i dei reglane som gjeld. 

Handlingsplan for nedkjemping av landøyda

Fleire aktørar i landbruksnæringa har gått saman om ein felles handlingsplan for nedkjemping av landøyda. Her er målet å redusere bestanden av landøyda i Rogaland og hindre skade på husdyr som følgjer av beiting på planten. No er planen oppdatert for 2021. Neste møte om handlingsplanen er sett til torsdag 23. september 2021.

imageji5wg.png

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.