Fjern landøyda!
Planten landøyda er giftig og potensielt dødeleg for storfe og hest. På og ved jordbruksareal bør den fjernast.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Landøyda spreier seg lett med frø, så har du ei får du (og naboen) raskt mange. Difor er det viktig også for dei som ikkje har beitedyr å fjerne planten. Kjemisk nedkjemping kan gjerast når planten har utvikla store rosetter (i juni). Når planten er i blomstring er det for seint å sprøyte, då bør den fjernast manuelt.
Viktig å fjerne planten etter behandling
Landøyda endrar smak når ho tørkar, men giftstoffa forsvinn ikkje. Difor er det viktig å fjerne planten etter behandling slik at ho ikkje blir spist av beitedyr. Spesielt hest og storfe er følsame for giftstoffa i landøyda. I følgje Veterinærinstituttet gir landøyda leverskadar som utviklar seg seint etter inntak av betydelege mengder av planten. Dyra blir avmagra og får illeluktande mørk diare.
Avtale om nedkjemping langs fylkesvegar
Rogaland bondelag har fått avtale med Rogaland fylkeskommune om nedkjemping av landøyda langs fylkesvegar på fylkeskommunal grunn. Avtala gjeld vegareal som ligg nært opptil bøndene sine eigne eller leigde areal. Dersom vegkanten er registrert som artsrik i norsk vegdatabase får bøndene ikkje lov å bruke sprøytemiddel. Desse vegkantane må lukast manuelt. Oversikt over artsrike vegkantar finn du på Statens vegvesen sin kartportal VEGKART. Skriv artsrik vegkant inn i søkefeltet og zoom inn på ønska område.
God HMS er viktig for alle som arbeider langs veg. Avtalen legg til grunn at den som utfører sprøytinga har nødvendige godkjenningar og følgjer krava i forskrift om plantevernmiddel. Avtalen føreset også at arbeidet blir gjort etter gjeldande regelverk for å sikre den som utfører sprøytinga og vegtrafikkantar. Den som skal utføre arbeidet er ansvarleg for å sette seg inn i dei reglane som gjeld.
Handlingsplan for nedkjemping av landøyda
Fleire aktørar i landbruksnæringa har gått saman om ein felles handlingsplan for nedkjemping av landøyda. Her er målet å redusere bestanden av landøyda i Rogaland og hindre skade på husdyr som følgjer av beiting på planten.