Eldre spreiearealgodkjenningar kan vere utdaterte

I Rogaland er det lang tradisjon for å godkjenne spreieareal for husdyrgjødsel på innmarksbeite. Vi anbefaler bøndene og den kommunale landbruksforvaltninga å sjekke statusen for dei eldre godkjenningane. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.11.2020

Fulldyrka areal er automatisk godkjend som spreieareal for husdyrgjødsel i forskrift om organisk gjødsel. Bruk på andre område krev godkjenning av landbruksforvaltninga. 

Retningslinene frå Landbruksdepartementet

Tidlegare var det Fylkeslandbrukskontoret (no Fylkesmannen i Rogaland) som godkjende spreieareal for husdyrgjødsel på anna areal. Godkjenningane måtte følgje Landbruksdepartementet sine Retningsliner om lagring og spredning av husdyrgjødsel. For å vurdere om dei eldre godkjenningane framleis er gjeldande må vi sjå til dei føresetnadane vedtaka bygde på. Då som i dag var det ikkje tillate å spreie husdyrgjødsel i utmark. Godkjenningane på "anna areal" var knytt til overflatedyrka jord, gjødsla beite og frukthagar. 

Definisjonane på desse areala var: 

Overflatedyrka jord er sletta i overflata og grøfta slik at maskinell hausting er mogleg

Gjødsla beite er areal som ikkje blir hausta maskinelt, men som blir gjødsla og beita regelmessig kvart år

Frukthage er areal med frukttre av alle slag, med eller utan grasdekke mellom og under trea

I retningslinene står det tydeleg at husdyrgjødsel ikkje skal spreiast på lyngbeite, i skog eller på annan utmark, og at slikt areal ikkje kan godkjennast og reknast som spreieareal. Vidare står det at dersom det viser seg at intensjonen i forskrifta likevel ikkje blir oppfylt ved gjødselspreiing etter dei retningsliner som godkjenninga bygger på, kan godkjenninga takast opp til ny vurdering. 

Frå gjødsla beite til innmarksbeite

I dag er definisjonen "gjødsla beite" i økonomisk kartverk erstatta med innmarksbeite definert i AR5, Arealressurskart i målestokk 1:5 000. NIBIO har utarbeidd rettleiar for klassifisering av innmarksbeite som kommunane brukar for å vurdere arealypen. Kort fortalt skal innmarksbeita ha gras og urter med god fôrverdi som dyra sjølv haustar ved beiting. I tillegg skal det vere tydeleg kulturpreg. 

Framleis forbod mot å spreie husdyrgjødsel i utmark

Areal som i tida etter godkjenninga har mista statusten som innmarksbeite/ i dag ikkje held arealkrava til innmarksbeite, kan ikkje nyttast som spreieareal for husdyrgjødsel. Då er dei faktiske tilhøva som godkjenninga bygde på borte. Det vil seie at dersom nokon har ei gammal godkjenning på eit areal som i dag er skog eller andre utmarkstyper, så kan dei ikkje spreie husdyrgjødsel på arealet. Myr er ikkje jordbruksareal og skal heller ikkje godkjennast som spreieareal. Gardbrukarar som har spørsmål til eldre godkjenningar kan ta kontakt med landbruksforvaltninga i sin kommune. Det er no kommunane som godkjenner spreieareal på innmarksbeite med heimel i forskrift om organisk gjødsel.    

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.