Autorisasjon for bruk av gnagarmiddel
Frå 15. oktober 2018 er det opna opp for at personar som eig og/eller leiger ein landbrukseigedom kan få autorisasjon for å bruke enkelte middel mot gnagarar. Dei må ha eit kurs i 'gnagerbekjempelse' i tillegg til gyldig autorisasjonsbevis for plantevernmiddel.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Norsk landbruksrådgiving Rogaland ved Arnfinn Særheim er godkjend instruktør for kurs i tiltak mot gnagarar. Dei har arrangert 12 autorisasjonskurs for bruk av gnagermiddel i Rogaland i perioden desember 2018–mars 2019.
Fylkesmannen i Rogaland har ansvaret for å sende ut og rette eksamensoppgåvene. Til saman 386 personar har deltatt på kursa, og av desse har 349 har bestått gnagermiddel-kurset. Av dei som har gjennomført kurset er 326 frå Rogaland. For å få autorisasjon for å bruke gnagermiddel må ein ha gyldig autorisasjon for plantevernmiddel.