Sperreskål på nytt fruktpakkeri i Ryfylke

7. april blei det tatt sperreskål på nytt fruktpakkeri i Årdal i Ryfylke. Bak lageret står Ryfylke Frukt SA, stifta i august 2016 av 20 aktive fruktprodusentar som ville bygge og drive eit fruktpakkeri.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.04.2017

Bygget er kostnadsberekna til 16 millionar kroner, og har ei grunnflate på 2100 m2. Innovasjon Norge har gitt 1 millionar kroner i tilskot til det som vil bli eit moderne pakkeri. Her skal dei ha ei kjøle for innkomande varer, og ein pakkesal med pakkemaskin for eple og pære. Frukta blir sortert etter storleik og kvalitet, og skal seljast som 2-lags brett i kasse, 6-pakningar eller i pose. Plomme skal også pakkast i bygget, men dette vil bli gjort manuelt. Bygget skal stå ferdig til årets sesong. I år ventar 350 tonn frukt, medan bygget har kapasitet til opp mot 1000 tonn frukt. Nye plantemetodar, betre planter og ny avansert vatning og gjødsling vil gi vesentleg auke i volumet.

Ny giv i fruktproduksjonen

Fruktproduksjon i Rogaland var fram til 2014 prega av pessimisme. Både fruktareal og tal dyrkarar var halvert på 15 år, og det var stagnasjon i avlingsmengd, lite fornying og investering og vanskar med rekruttering. Det fekk Rogaland fruktdyrkarlag, Ryfylke IKS og Fylkesmannen i Rogaland til å gå saman om ei fruktsatsing for å stimulere til auka produksjon. Vi arrangerte fleire mobiliseringssamlingar – fruktsafari - og det blei laga eit kriteriedokument for investeringstilskot i samråd med Innovasjon Norge. Sidan 2014 har fruktproduksjon hatt prioritet i den regionale partnarskapen ved tildeling av midlar. Midlane er brukte til kvalitets- og kompetanseheving, og til fornying eller nyinvestering.

I løpet av dei siste 2,5 åra har 11 fruktdyrkarar fått tilskot til fornying eller etablering av nye, moderne fruktfelt. Aktiviteten er framleis høg og Innovasjon Norge har våren 2017 motteke om lag 10 nye søknader om investeringsmidlar.

Fruktnæringa har fått ein ny giv og har samstundes klart å trekke til seg fleire nye fruktdyrkarar. Rogaland fruktdyrkarlag er ein aktiv aktør som går i front for å ta i bruk ny kunnskap og nye metodar. Nøkkelen til suksess er inspirasjon, kunnskapsdeling og tett oppfølging frå rådgjevartenesta.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontakt Kari Sand

Kari Sand
Kari.Sand@strand.kommune.no
Tlf: 950 31190