Naturskadeerstatning ved flaum
I samband med uveret Synne vil spørsmål om naturskadeerstatning kunne melde seg. Her følgjer litt informasjon.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I Noreg har vi ein kombinasjon for dekning av tap etter naturskader:
1. Gjennom forsikring
2. Gjennom den statlege erstatningsordninga
Avgjerande for kva av disse ordningane ei skade kan dekkast under, er om objekta som er skada kunne vore forsikra mot naturskade eller ikkje. Dersom det var anledning til å forsikre objektet mot naturskade, så har ein ikkje rett på erstatning etter den statlege ordninga. Dersom skadeobjektet ikkje kan forsikrast, må den skadelidde melde i frå om skada til lensmannen/namsfogden eller politi med sivile rettspleieoppgåver innan tre månedar etter at skada skjedde. Sjå meir info hos Landbruksdirektoratet.