Når skal søknadar om nydyrking konsekvensutgreiast?

Landbruks- og matdepartementet har kome med avklaring på korleis krav om konsekvensutgreiing i nydyrkingsforskrifta skal handsamast. Det er ikkje eit absolutt krav om at søknadar på nydyrking over 50 dekar skal konsekvensutgreiast.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.03.2012

Nydyrkingsforskrifta § 6 seier at ”For nydyrking av areal over 50 dekar kan godkjenning ikke gis med mindre tiltaket er konsekvensutredet, jf forskrift 26. juni nr 855 om konsekvensutredninger § 3 første bokstav e, jf. vedlegg 2 nr 37”.

Landbruks- og matdepartementet har vurdert det slik at nydyrkingsforskrifta ikkje skal ha strengare krav om konsekvensutgreiing enn KU- forskrifta. Kommunane skal ved søknad om nydyrking av areal over 50 dekar vurdere søknaden etter KU- forskrifta sin § 4 ” Kriterier for vurdering av vesentlige virkninger for miljø og samfunn” for å konkludere om det er naudsynt med konsekvensutgreiing eller ikkje.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.