Ka då med spreiearealet?

Landbruket treng føreseielege rammevilkår, og no håper vi ny gjødselvareforskrift snart blir landa. Landbruksdirektør i Rogaland, Geir Skadberg har i lang tid etterlyst ei avklaring av regelverket som set krav til bruk og lagring av husdyrgjødsel, forskrift om gjødselvarer av organisk opphav m.v.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.04.2017

Forskrifta har vore under revisjon sidan jordbruksoppgjeret 2009, og hausten 2016 fekk Landbruksdirektoratet, Mattilsynet og Miljødirektoratet i oppdrag å levere felles forslag til nytt regelverk før 1. juli 2017.

Skjerpa krav vil gi økonomiske konsekvensar

Dette har blåst liv i diskusjonen i Rogaland om spreieareal for husdyrgjødsel. I store delar av fylket er det lite ledig spreieareal, og mange fryktar strengare arealkrav. Skjerpa krav til spreieareal vil gi store økonomiske konsekvensar for jordbruket i Rogaland, og vil føre til auka press for å nydyrke og opparbeide nye innmarksbeite i område der naturmangfaldet allereie er utsett.

Hå kommune vil skjerpe krav til lagringskapasitet og spreietidspunkt framfor større krav til spreieareal

Politikarane i Noregs største husdyrkommune Hå har eigenhendig tatt opp saka, og levert innspel til Landbruksdirektoratet der dei foreslår ei rekke tiltak for å minske jordbrukspåverknaden på vassdraga. Mellom anna føreslår dei å auke kravet til lagerkapasitet frå 8 månader til 10 månader, og endre spreietidspunkta for husdyrgjødsel til å vere frå 1. mars til 1. september. Dei meiner gjødslingsplanlegging bør vere ein del av den nye forskrifta, og vil ha tilbake det gamle spreiearealskjemaet. Dei er tydelege på at konsekvensane av ein reduksjon i dyretalet vil gi store ringverknader, og påverke langt fleire enn bøndene. Kring jordbruket er det bygd opp sterk foredlingsindustri, leverandørindustri, transport og tenesteyting. NIBIO sin verdiskapingsrapport estimerer verdiskapinga for landbruksbasert industri i Rogaland til å vere 2,5 mrd. kr, og verdiskapinga direkte frå jordbruksproduksjonen til å vere 2,7 mrd. kr (tal frå 2014).

- Vi legg til grunn eit godt samspel mellom jordbruk – og miljøinteresser, og at vi får eit klokt framlegg til ny forskrift. Vi har i lang tid arbeidd med jordbrukstiltak for å betre vasskvaliteten, og vil halde fram med å prioritere dette avsluttar Geir Skadberg.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner