Har du lyst å bli fruktprodusent?
Rogaland Fruktdyrkarlag har fagsamling på Hjelmeland 23. mars med tema plantevern og gjødsling av frukttrær. Er du interessert i fruktdyrking, så kan dette vere møtet du skal delta på.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Frukt i Rogaland oppfordrar nye og gamle fruktdyrkarar til å dyrke etter tett-plantingsprinsippet. Det vil seie at ein plantar trea mykje tettare enn før og klipper dei på ein annan måte. I tillegg nyttar ein atuomatisk dryppvatning og gjødselvatning. Erfaringar frå Hardanger viser fruktproduksjon på opptil 4000 kg eple pr. dekar, medan i Syd Tyrol i Nord Italia får ein opp mot 6000 kg frukt pr. dekar.
Samling på Spinneriet på Hjelmeland med nokre av dei som kan mest om fruktdyrking etter tett-plantingsprinsippet.
Tid: Måndag 23. mars 2015 kl. 10.30
Stad: Spinneriet, Hjelmeland
- Gjennomgang av den nye plantevernplanen for frukt - Endre Bjotveit, Norsk Fruktrådgiving Hardanger
- Gjødsling av frukt – Jo Westplate, Norsk Landbruksrådgiving, Østafjells
Har du lyst til å vite meir om fruktdyrking, så kan dette vere møtet du skal på.
Det er ikkje påmelding til samlinga, men lurer du på noko, så ta kontakt med leiaren i Rogaland Fruktdyrkarlag Øystein T. Kleppa. Han har telefon 51 75 22 66, mobil 907 34 927 eller e-post: otkleppa@gmail.com
Fruktdyrking etter tett-plantingsprinsippet er eit satsingsområde i Rogaland, og investeringssøknader frå fruktprodusentar blir prioritert hos Innovasjon Norge etter desse kriteria.
To fruktdyrkarar har allereie fått midlar hos Innovasjon Norge til å etablere frukthagar, medan tre andre, ein ny og to etablerte, fruktprodusentar sender inn søknadane sine inn til Innovasjon Norge i desse dagar. Alt dette skuldast fruktsatsinga i Rogaland med mellom anna dei to fruktsafariane i 2014.
Sjå film om tett-plantingsprinsippet (dyrk smart) eller les om dyrk smart metoden i Hardanger.