Gjødslingssesongen 2018
Mange bønder fekk ikkje køyrt ut all husdyrgjødsla i 2017 på grunn av dei vanskelege vêrforholda. Det gjer at dei no har meir husdyrgjødsel enn vanleg til utspreiing og fordeling i vekstsesongen 2018.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen har i samband med dette fått spørsmål om regelverket for bruk av husdyrgjødsel.
Gjødslingsplan
Den årlege gjødslingsplanen skal vise korleis husdyrgjødsla blir brukt på jordbruksareal. Bøndene må no gjere opp status for kor mange kubikk/tonn dei har til fordeling i 2018, og lage ein gjødslingsplan som tek utgangspunkt i dette. I gjødslingsplanen skal mengde per dekar settast opp for kvart skifte, samt kva type gjødsel det er (storfe, svin o.l.).
Etter forskrift om gjødslingsplanlegging skal gjødsla brukast forsvarleg. I den spesielle situasjonen anbefaler vi følgjande:
- God fordeling av husdyrgjødsla på alt godkjend spreieareal.
- Prioriter den sterkaste gjødslinga på skifte med låge fosfortal (t.d. nydyrka jord), og skifte der grasveksten er best.
- Unngå store mengder på jord med dårleg infiltrasjonsevne som t.d. myrjord og siltjord, og på teigar med stor helling. Her vil faren for overflateavrenning vere størst.
- Det må takast omsyn til mengd husdyrgjødsel ved val av type mineralgjødsel og mengd per dekar.
Dei generelle råda for bruk av husdyrgjødsel gjeld også i spesialår:
- Husdyrgjødsel køyrt ut på våren, og tidleg i vekstsesongen gir best effekt.
- Vasstilsetting betrar infiltrasjonen i jord, og aukar utnyttinga av næringsstoff.
Spreieareal
Husdyrgjødsel skal brukast på godkjend spreieareal. Føretak med husdyrproduksjon skal ha nok spreieareal, minimum 4 dekar per gjødseldyreining. I gjødseldyreining = 14 kg fosfor, og i snitt gir dette 3,5 kg fosfor per dekar (tilsvarande fosforinnhaldet i 7 tonn blautgjødsel storfe med 6 prosent tørrstoffinnhald). Korleis husdyrgjødsla blir fordelt på tilgjengeleg spreieareal skal kome fram av gjødslingsplanen.
Nyttig fagstoff om husdyrgjødsel
Kontaktpersoner
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66