Frostveret gir store utfordringar for jordbruket
Det uvanleg langvarige, tørre og kalde veret gir fulle gjødsellager og dermed store utfordringar for jordbruket i Rogaland. Konsekvensar for overvintring av eng er det likevel for tidleg å konkludera på.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fulle gjødsellager
Mange gjødsellager er no fulle, sjølv om mange bønder har lagerplass over minstekravet på 8 månader. Då det er tele i jorda, er det ulovleg å spreia ut husdyrgjødsel på jorda. Heldigvis er bøndene flinke med å hjelpa kvarandre der dei som har ledig lagerkapasitet stiller opp og tek imot gjødsel frå bønder med fulle lager. Samstundes vil det vera krevjande å løysa dette om det kalde veret held fram til over påske.
Grønsakplanter og gulrotfrø kjem ikkje i jorda
I dette frostveret er det umogleg å få grønsakplanter og gulrotfrø i jorda. Det normale på denne tida er full aktivitet både i grønsakåkrane og gulrotåkrane.
Overvintring av eng
I grasfylket Rogaland der over 90 % av jordbruksarealet er gras, er det for tida brune enger over alt. God grovfôravling er svært viktig m.a. for mjølkeproduksjonen som er berebjelken i landbruket i Rogaland. Prøvar av eng som Norsk landbruksrådgiving har teke, viser at det er liv under det brune graset. Overvintringsevna varierer som kjent mellom engplanter, der timotei er ein av engplantene med best overvintringsevne. I dette kalde og tørre veret er det likevel positivt at det er lite isbrann.
Sjølv om dette langvarige frostveret kan få konsekvensar for overvintringa av eng, er det likevel for tidleg å konkludera.
Forseinka vårvinna, men det kan likevel bli ei godt avlingsår
Dersom dette unormale veret held fram, vil det bli ei sterkt forseinka vårvinna. Då vekstsesongen i Rogaland er den lengste i landet, kan det med ein god sommar likevel bli eit godt avlingsår.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13