Dekk og Diesel kostar!
Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO) har utført ein analyse av køyrekostnadar i mjølkeproduksjon som viser kor mykje «Dekk og Diesellandbruket» kostar for bonden.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I prosjektet blei 35 mjølkebruk i Klepp kommune, og 15 i Kvinnherad analysert. Som tabellen visar er det skilnader mellom desse 2 bygdene. Det kjem fram at Kleppbonden skal transportera meir gjødsel og rundballar, medan bonden i Kvinnherad køyrer fleire kilometer.
Snittstal for ulike parametrar i Klepp og Kvinnherad
|
Klepp |
Kvinnherad |
Gjødsel som transporterast (m3) |
1 810 |
1 280 |
Tal køyreturar med gjødsel |
150 |
160 |
Avstand køyring av gjødsel (km) |
520 |
930 |
Tal rundballar som transporterast |
1 470 |
640 |
Tal køyreturar med rundballar |
180 |
80 |
Avstand køyring av rundballar (km) |
670 |
470 |
Køyring totalt (km) |
1 190 |
1 400 |
Viss vi ser på køyrekostnader per kilometer så er tala for bygdene ganske like. I Klepp kostar det kr 19,63 å køyre ein kilometer med traktor; i Kvinnherad kr 18,39. Årsaka til at kostnaden per kilometer for køyring med gjødselvogn er høgare i Klepp enn i Kvinnherad, er på grunn vogna sin kapasitet. I Klepp er den på 12 tonn, medan i Kvinnherad er den på 7 tonn. Tilhengaren er derimot i like stor for begge; 8 rundballar à 0,8 tonn. Kilometerprisen for transport av gjødsel er kr 29,77 i Klepp, og kr 24,84 i Kvinnherad. Prisen for transport av grovfôr er kr 22,85 per kilometer i Klepp, og kr 21,61 i Kvinnherad.
Totalt ser køyrekostnadene slik ut:
Kostnadene er basert på utstyr med forskjellig kapasitet. Tek vi omsyn til ulik bruk av utstyr kostar det ein Kleppbonde kr 2,48 per kilometer å transportere eitt tonn med gjødsel, og kr 3,57 per kilometer for transport av eitt tonn med grovfôr. I Kvinnherad er tala henhaldsvis kr 3,55 og kr 3,38 per kilometer per tonn. Det er klart at det finnast store moglegheiter for å redusera køyrekostnadene ved ein betre arrondering av areala, slik at bøndene ikkje treng å køyre så langt for å drifte areala sine.
For å lese meir om denne analysen kan du klikke her eller sjå på NIBIO si nettside.