Dale kjem til stormøte på Varhaug 30. januar
Tradisjonen tro blir det stormøte i Varhaug idrettshall med landbruks- og matministeren til stades. Dale vil snakke om den nye jordbruksmeldinga, Meld.St. nr 11(2016-2017)- Endring og utvikling.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 23.01.2017
Møtet på Varhaug er eit av fleire opne møte om jordbruksmeldinga. Det er venta godt oppmøte frå bøndene og resten av jordbruksnæringa. Særleg er det venta diskusjon om kvoteregionar for mjølk, avløysartilskot og tilskot til innmarksbeita i Rogaland.