Auka verdiskaping i landbruket i Rogaland
At landbruket i Rogaland er ei av dei viktigaste næringane i fylket er ikkje noko nytt, men at sektoren har halde posisjonen i ein periode kor «alt anna» nærast har hatt eksponensiell vekst, er meir enn godt levert. Samla verdiskaping frå jordbruk, skogbruk, tilleggsnæring og den landbruksbaserte industrien som er avhengig av landbruket var 5,6 milliadar kr i 2014.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Bøndene i Rogaland blir stadig meir effektive
I ein ny rapport om verdiskapinga i landbruket og landbruksbasert verksemd i Rogaland, har Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) berekna verdiskapinga frå jordbruket til å vere 2,7 milliardar kr for 2014. Det er 90 millionar kr meir enn i 2010 rekna som bruttoprodukt.
10 000 årsverk i jordbruket og tilhøyrande industri
Sysselsettinga i jordbruket er berekna til 6418 årsverk som er 84 årsverk lågare enn i 2010. Det betyr at færre bønder skaper meir verdiar. I industrien som er avhengig av jordbruket lokalt i Rogaland, var det i 2014 nær 3 300 sysselsette. Estimert verdiskaping for denne industrien er på om lag 2,5 milliardar. Til saman vel 10 000 årsverk i jordbruket og tilhøyrande industri. I tillegg kjem ytterligare sysselsetting gjennom ringverknadane, men dette skal kartleggast i ein annan studie.
Mjølkeproduksjon - ein motor i Rogalands-jordbruket
Mjølkeproduksjonen er svært viktig i Rogaland. Heile 44 prosent av verdiskapinga stammer frå Dagros. Men, samanlikna med 2010 utgjer mjølkeproduksjonen åtte prosentpoeng mindre av verdiskapinga, og det er spesielt Jæren som kjem dårlegare ut. Forskar og prosjektansvarleg Heidi Knutsen ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), meiner forklaringa ligg i reduksjon i tal kyr, endringar i tilskotsordningar og at mange har investert i utbyggingsprosjekt som påverkar drifta negativt i ein periode.
Styrka sauehald
Sauehaldet har og styrka seg sjølv om tal vinterfora sau går litt ned. Verdiskapinga er på 396 millionar kr, og det er 15 prosent av samla verdiskaping. Til skilnad frå dei andre produksjonane så utgjer dei offentlege tilskota til sauenæringa meir enn marknadsinntektene. På tredjeplass kjem svinehaldet med 11 prosent av samla verdiskaping. Ei verdiskapinga på 301 millionar kr er ein nedgang på 11 prosent sidan 2010, og dette skuldast i hovudsak mindre produksjon.
Andre produksjonar
Veksthusnæringa styrkjar sin solide posisjon, og har tatt større del av den nasjonale produksjonen. Det har vore ein formidabel auke i tal fjørfeslakt, og legg vi til eggproduksjon blir det skapt verdiar for 186,5 millionar kr i fjørfenæringa. Veks gjer og kjøtproduksjonen på ammeku. Bruttoprodukt for skogbruket er rekna ut til å vere 170 millionar kr, der produksjonen av juletre og pyntegrønt utgjer 82,5 millionar kr. Tømmer for sal utgjer 41 millionar kr.