Agrovisjon brakar laus på fredag

Utstillinga i år er Agrovisjon si største med heile 20 000m2 utstillingsareal. Under Agrovisjon vil det vere livdyrauksjon, ponnyridning og faglege arrangement. Til konferansen kjem mellom anna leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes og administrerande direktør i Landbruksdirektoratet Jørn Rolfsen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.10.2016

Norsk Limousin held auksjon på årets Agrovisjon på Stavanger Forum. Auksjonen vil finne stad laurdag 29. oktober kl 12 med vurdering av dyra frå kl 10.00 same dag. Auksjonist er Håkon Marius Kvæken. Auksjonskatalog for livdyrauksjonen finn du her

Det blir også faglege arrangement støtta av mellom anna Fylkesmannen. Døme er opent møte om storfesatsing, og kurs for unge bønder. Storfemøtet er heldt i Expo-hallen, møterom Vindafjorden laurdag 29. oktober kl 09:00-16:00.  Som alltid er det også duka for sosiale arrangement som bondepub og bankett på larudagskvelden.

Oversikt over dei faglege og sosiale arrangementa finn du på heimesida til Agrovisjon

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.