Tre søknader om erstatning etter utbrot av fugleinfluensa
Etter utbrotet av fugleinfluensa i november i fjor har Statsforvaltaren motteke tre søknader om erstatning etter offentlege pålegg. Søknadene er innvilga, og dei tre søkarane har fått fyrste delutbetaling.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Erstatning etter offentlege pålegg omfattar dyr som er pålagd avliva og kostnader ved å gjennomføra pålagde smittetiltak i samband med utbrotet av fugleinfluensa hausten 2021.
Søknadene for erstatning etter offentlege pålegg er innvilga og dei tre søkarane har motteke fyrste delutbetaling. Det er venta fleire delutbetalingar etter kvart som arbeidet med saneringa blir avslutta. Då vil søkarane få ei sluttutbetaling og erstatningssakene blir avslutta.
Regjeringa kunne melde før jul om at det blir auka erstatning for fjørfe som blir avliva på grunn av fugleinfluensa, og at dette skal ha tilbakeverkande kraft. Når dei nye satsane blir gjeldande, vil Statsforvaltaren gjera ei ny saksbehandling av søknadane om erstatning.
Kontaktpersoner
-
Janne Breivik
Tlf: 51 56 87 85