Tidspunktet for overdraging av sauebruk kan få konsekvensar for avløysartilskotet

Lam på beite i Årdal. Foto: Hallvard Svaberg Hatløy

Du har rett på avløysartilskot dersom føretaket ditt disponerer dyr i perioden fastsett i jordbruksavtalen, og har utgifter til avløysing i søknadsåret. Ver obs på teljedatoen for bruk med sau som er 1. mars.

Publisert 13.03.2025

I jordbruksavtalen er det fastsett èin teljedato for sau, og den er 1. mars. Tar du over ein gard med sau etter teljedatoen 1. mars, har du ikkje krav på avløysertilskot sjølv om du i søknadsåret har hatt utgifter til avløysing. Det er ikkje mogleg å søkje dispensasjon frå vilkår fastsett i jordbruksavtalen.

Skal du avslutta drifta, må du ikkje sletta føretaket før utbetaling av avløysartilskotet i februar året etter. Har du sletta føretaket, kan du ikkje få utbetalt tilskot. Dette gjeld alle føretak som søkjar tilskot, ikkje berre dei med sau.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.