Tidleg innsats mot DD gir resultat
Klauvsjukdommen Digital dermatitt aukar i omfang blant norske storfebesetningar. Rogalandsbønder er med i eit stort forskingsprosjekt som skal finne årsaker og smittemønster.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Digital dermatitt (DD) er ein alvorleg , smittsam klauvsjukdom som fører til ubehag og halte dyr med negative konsekvensar for dyrevelferd og produksjon av mjølk og
Smitten spreiar seg
Sjukdommen har dei siste åra auka raskt i nokre regionar som Rogaland og Trøndelag. Første registrerte tilfelle i Noreg var i 2000. Sjukdommen har på nasjonalt plan auka frå 138 registrerte førekomstar i 2016 til 472 i 2018. Forskarane veit at sjukdommen er underrapportert.
Lausdrift - ei utfordring
Sjukdommen er seks gangar meir utbreitt i lausdriftsfjøs enn i båsfjøs, og med «lausdriftskravet 2034» er det fare for at førekomsten vil auke. Rogaland har særlege utfordringar med høgt smittepress på grunn av stor dyretettheit, mykje utanlandsk arbeidskraft, mykje livdyrsal og ein del import av dyr og utstyr.
Forsking for meir kunnskap
NMBU Veterinærhøgskolen, TINE SA, GENO SA, Norsk klauvskjærerlag og veterinærinstitutt i Danmark og Sverige har set i gang eit fireårig forskingsprosjekt (2017 – 2021) på DD med midlar frå Forskningsmidlene i landbruket. Rogaland er utpeikt som ein pilot.
Forsterka innsats i Rogaland
Fylkesmannen i Rogaland har vore tett på arbeidet med å redusere omfanget av DD. Vi har mellom anna løyvd midlar til forskingsprosjektet for å forsterke innsatsen direkte retta mot bønder, veterinærar og klauvskjerarar. Målet med prosjektet er å generere kunnskap om korleis eigenskapar til bakteriane og miljø- og driftsforhold påverkar graden av alvor, omfang og smittespreiing av DD hos mjølkekyr i Rogaland.
Formidling er viktig
Ein av aktivitetane i prosjektet er å drive med kunnskapsformidling. Doktorgradsstipendiat ved NMBU Veterinærhøgskolen, Lina Ahlén og professor Terje Fjeldaas var nyleg på Jæren for å ta nye prøvar og å formidle kunnskap om DD.
Bondevennen har i utgåve nr 6 ein artikkel om forskingsprosjektet og besøket på Jæren, «Tidlig innsats mot DD gir resultat». God lesing!