Søk om tilskot til investeringar i organiserte beiteområde innan 15. mars 2023
Rogaland har i år 480 000 kroner til å støtte investeringar i organiserte beiteområde. Tiltak som sikrar best mogleg utnytting av beite i utmark, reduserer tap av dyr på beite, og fremmar fellestiltak i beiteområdet, blir prioriterte.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Statsforvaltaren i Rogaland melder årleg ifrå om behov for midlar til investeringar i beiteområda som er i bruk gjennom organisert beitebruk (OBB). Sjølv om Rogaland er eit stort husdyrfylke er tilskotsramma blant dei minste i fylka.
Vi ber likevel beitelaga søke om tilskot til alle dei behova som er ute i beiteområdet. Det er gjennom søknadane behova for investeringstilskot kjem fram.
Når tilskotspotten er liten, må vi prioritere. Vi er restriktive med tildeling av tilskot til sankehyttene. Kommunane står i år fritt til å omprioritere midler fra Tilskudd til tiltak i beiteområder til søknadar om å erstatte bjøller frå Smartbjella med tilsvarande bjøller.
Søk for å belyse behov
Det er viktig at beitelaga gjer godt greie for behova. I og med at potten er liten er det òg viktig at de prioriterer dei ulike tiltaka i søknaden. Tiltak det kan søkast tilskot til er til dømes sperregjerde, sanke-/skiljeanlegg, bruer, ferister, gjetar og sankehytte, anlegg/rydding/utbetring av driftevegar, saltsteinautomatar, transportrammar, teknologi og elektroniske anordningar som radiobjøllar, lammenoder, merkeavleser, findmysheep, dronar, Nofence mv. I tillegg kan det søkast om tilskot til planleggings- og tilretteleggingsprosjekt. Lista er ikkje uttømmande. Vi meiner det er viktig at tilskotet går til tiltak som kan vere med på å redusere tap på beite, betre tilsyn gjennom sesongen, og forenkle sankinga om hausten.
Søk gjennom Altinn
Beite-/sankelag som vil søke om tilskot til konkrete investeringstiltak eller planleggings- og tilretteleggingsprosjekt må søke innan 15. mars 2023. Søknaden gjer beitelaget elektronisk gjennom altinn.no. Ved faste installasjonar og vegetasjonsrydding skal tiltaket innteikna på kart som følger søknaden. Opplysningar om berørte beitedyr, omtale av tiltaket, kopi av avtalar/tillatingar og planar som gjeld for beitebruken i området (tiltaksplan, områdeplan, beitebruksplan mv.) er relevante vedlegg for enkelte tiltak.
Hjelp til å søke
På heimesida til Landbruksdirektoratet finn de meir informasjon om ordninga og link til søknadsskjema i Altinn.no. De finn også skjemaet på Altinn når de søker på «Tilskudd til tiltak i beiteområder».
Kommunane tildeler tilskot etter lokale retningslinjer
Det er kommunane som skal prioritere søknadane og innvilge tilskot. Etter søknadsfristen 15. mars 2023 sender kommunane ein prioritert oversikt over søknadar og behov til Statsforvaltaren i Rogaland. Statsforvaltaren fordeler deretter ut potten til kommunane på basis av innmeldt behov. Når kommunen har fått tildelt midlar kan dei ferdigbehandle søknadane. Vi har som mål at beitelaga i god tid før sommaren veit om dei har fått innvilga søknaden.
Som grunnlag for prioriteringane skal kommunane fastsette lokale retningslinjer innanfor ramma i forskrifta, sjå kommentarar til regelverket under § 3. For Rogaland har vi vald å vidareføre felles retningslinjer mest mogleg i tråd med tidlegare praksis. Høgast prioritert er tiltak som sikrar formålet i § 1 med best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på beite, og fremme fellestiltak i beiteområdet. Det går på installasjonar som lettar tilgang og bruken av beite, tilsyn i beitesesongen, sanking og ettersanking på hausten. På grunn av liten tilskotspott har kostnadskrevande prosjekt som for eksempel gjetar- og sankehyttene fått ein mindre prosentvis tildeling. Dette kan variere litt frå kommune til kommune.