Søk om tilskot til investeringar i organiserte beiteområde
Det er igjen tid for å lage søknad om tilskot til investeringstiltak. Søknadsfristen er 15. mars 2024.
Det er viktig at beitelaga belyser behova ute i beiteområda. Søknad og rapportering blir elektronisk behandla, og det er gjennom søknad om tilskot behova for investeringstilskot blir belyst.
Rogaland har eit lite kronebeløp (480.000 kroner) til fordeling. Dette er same beløp som tildelt i 2023. Vi gir tilbakemelding til overordna styresmakter om at vi har eit auka behov for midlar til tilskot til investeringar i beiteområda som er i bruk gjennom organisert beitebruk (OBB). Spesielt gjeld dette investeringar til større prosjekt som gjetarhytter. Vi er eit av dei store beitefylka, med stor aktivitet i beitelaga, men likevel er tilskotspotten ein av dei minste.
Tøff prioritering
Når tilskotspotten er liten, må vi prioritere. Det gjer at vi er restriktive med tildeling til gjetarhytter, slik at tilskotspotten skal rekke til fleire tiltak. I 2023 vart det rom for å innvilge tilskot til to investeringstiltak som gjaldt gjetarhytter.
Søk for å belyse behov
Det er viktig at beitelaga gjer godt greie for behova. I og med at potten er liten er det òg viktig at de prioriterer tiltaka. Tiltak det kan søkjast tilskot til er til dømes;
- sperregjerde
- sanke-/skiljeanlegg
- bruer, ferister
- gjetar og sankehytte
- anlegg/rydding/utbetring av driftevegar
- saltsteinautomatar
- transportrammar
- teknologi og elektroniske anordningar
I tillegg kan det søkjast om tilskot til planleggings- og tilretteleggingsprosjekt.
Søk gjennom Altinn
Beite-/sankelag som vil søkje om tilskot til konkrete investeringstiltak eller planleggings- og tilretteleggingsprosjekt må søkje innan 15. mars 2024. Søknaden gjere beitelaget elektronisk gjennom altinn.no. Det kan vere nødvendig å leggje ved vedlegg som til dømes kart over beiteområdet med plassering og nærare beskriving av tiltaket, samt avtaler med grunneigar m.m.
Hjelp til å søkje
På heimesida til Landbruksdirektoratet finn de meir informasjon om ordninga og lenkje til søknadsskjema i Altinn.no. De finn skjemaet på Altinn når de søkjer på «Tilskudd til tiltak i beiteområder». Her finn de òg god forklaring til utfylling.
Kommunane tildeler tilskot etter lokale retningsliner
Det er kommunane som skal prioritere søknadane og innvilge tilskot direkte gjennom fagsystemet Agros. Etter søknadsfristen sender kommunane ei prioritert oversikt over søknader og behov til Statsforvaltaren i Rogaland. Statsforvaltaren fordeler deretter ut potten til kommunane, og mellom kommunane etter innmeldt behov, slik at dei kan gjere vedtak.
Som grunnlag for prioriteringane skal kommunane fastsetje lokale retningsliner innanfor ramma i forskrifta, sjå kommentarar til regelverket under § 3.
Vi har som mål at beitelaga i god tid før sommaren veit om de har fått innvilga søknaden.
For Rogaland har vi valt å prioritere tiltak som sikrar formålet i § 1 med best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på beite, og fremme fellestiltak i beiteområda. Det går på installasjonar som lettar tilgang og bruk av beite, tilsyn i beitesesongen, sanking og ettersanking på hausten. På grunn av liten tilskotspott har kostnadskrevjande prosjekt somtil dømes gjetar- og sankehyttene fått ein mindre prosentvis tildeling.