Tilskudd til tiltak i beiteområder 2022 OBB - organisert beitebruk

Det er nå tid for å laga søknad om tilskot til investeringstiltak. Søknadsfristen er 15. mars 2022

Det er viktig at beitelaga belyser behova gjennom å søkje om tilskot etter dei behova som er ute i beiteområdet. Søknadane og rapportering blir elektronisk behandla, og det er gjennom søknad om tilskot behova for investeringstilskot blir belyst. Rogaland har eit lite kronebeløp (400.000 kroner) til fordeling. Dette er om lag på nivå med 2020, og noko meir enn i fjor. Statsforvaltaren i Rogaland melder i frå om at vi har eit auka behov for midlar til tilskot til investeringar i beiteområda som er i bruk gjennom organisert beitebruk (OBB). Vi er eit av dei store beitefylka, med stor aktivitet i beitelaga, men likevel er tilskotspotten ein av dei minste.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.01.2022

Når tilskotspotten er liten, må vi prioritere. Vi er restriktive med tildeling av tilskot til sankehyttene og elektroniske anordningar. Det er føringar i regelverket som seier at vi skal prioritere vel 28 prosent eller meir av den totale potten til teknologi og elektroniske anordningar. For at tilskotet skal rekke til fleire tiltak kan vi ikkje tildele meir enn dette til slike investeringar.

Søk for å belyse behov

Det er viktig at beitelaga gjer godt greie for behova, og i og med at potten er liten er det òg viktig at de prioriterer tiltaka. Tiltak det kan søkjast tilskot til er til dømes sperregjerde, sanke-/skiljeanlegg, bruer, ferister, gjetar og sankehytte, anlegg/rydding/utbetring av driftevegar, saltsteinautomatar, transportrammar, teknologi og elektroniske anordningar som radiobjøllar, lammenoder, merkeavleser, findmysheep, dronar, Nofence mv. I tillegg kan det søkjast om tilskot til planleggings- og tilretteleggingsprosjekt. Lista er ikkje uttømmande. Vi meiner det er viktig at tilskotet går til tiltak som kan vera med på å redusera tap på beite, betre tilsyn gjennom sesongen, og forenkla sankinga om hausten.

Søk gjennom Altinn

Beite-/sankelag som vil søkja om tilskot til konkrete investeringstiltak eller planleggings- og tilretteleggingsprosjekt må søkja innan 15. mars 2022. Søknaden gjer beitelaget elektronisk gjennom altinn.no. Det kan vera nødvendig å leggja ved vedlegg som til dømes kart over beiteområdet med plassering og nærmare beskriving av tiltaket, samt avtaler med grunneigar m.m.

Hjelp til å søkja

På heimesida til Landbruksdirektoratet finn de meir informasjon om ordninga og link til søknadsskjema i Altinn.no. De finn skjemaet på Altinn når de søkjer på «Tilskudd til tiltak i beiteområder». Her finn de òg god forklaring til utfylling.

Kommunane tildeler tilskot etter lokale retningslinjer

Det er kommunane som skal prioritere søknadane og innvilge tilskot direkte gjennom fagsystemet Agros. Etter søknadsfristen 15. mars 2022 sender kommunane ein prioritert oversikt over søknader og behov til Statsforvaltaren i Rogaland. Statsforvaltaren fordeler deretter ut potten til kommunane og mellom kommunane etter innmeldt behov, slik at dei igjen kan gjere vedtak. Vi har som mål at beitelaga i god tid før sommaren veit om de har fått innvilga søknaden.

Som grunnlag for prioriteringane skal kommunane fastsetje lokale retningslinjer innanfor ramma i forskrifta, sjå kommentarar til regelverket under § 3. For Rogaland har vi vald å vidareføre felles retningslinjer mest mogleg i trå med tidlegare praksis. Primært prioritere er tiltak som sikrar formålet i § 1 med best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på beite, og fremme fellestiltak i beiteområdet. Det går på installasjonar som lettar tilgang og bruken av beite, tilsyn i beitesesongen, sanking og ettersanking på hausten. På grunn av liten tilskotspott har kostnadskrevjande prosjekt som for eksempel gjetar- og sankehyttene, og elektroniske anordningar fått ein mindre prosentvis tildeling. Dette kan variere litt frå kommune til kommune.

Beitelagssamling

Vi ønsker å få til beitelagssamling igjen i år, og det er mest ønskeleg at vi har samling på hotell som tidlegare. Det er ikkje sannsynleg at alt er smittemessig fritt fram nå i vår, så tid og sted må vi komme tilbake til. Det er mange tema som er aktuelle på slike samlingar, og det er gjennom møter vi best deler erfaringar. Retningslinjer for prioritering av dette investeringstilskotet er eit aktuelt tema. Meld gjerne tilbake om andre tema og foredragshaldarar som kan vere aktuelle.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.