Rekordtidleg start på slåtten i år

Lausdriftsfjøs i Bjerkreim kommune.
God grovfôrkvalitet er avgjerande for å auke avdråtten. Foto: Monica Dahlmo.

Årets grovfôrsesong ser særs lovande ut. Men sesongen er ikkje over, og vi er avhengig av god vekst og haustingsforhold for å ha nok fôr komande vinter.

Publisert 13.06.2024

Mange var spent på våronna i mars og april då gradestokken såvidt bikka tosifra temperatur. Men vêret endra seg fort, og etter ein kald start på våren kom mai med full sommar i heile regionen. Det førte til ein eksplosiv vekst på enga, og graset blei klart for hausting ei veke tidlegare enn normalt.

Grovfôrkvalitet og haustetidspunkt

Bønder som slo graset i løpet av dei to fyrste vekene i mai har fått god grovfôrkvalitet til mjølkekyr. God grovfôrkvalitet er gras høg energiverdi, er høgt fordøyeleg og inneheld mykje protein. Dei som slo i denne perioden har moglegheit til å ta ein ekstra slått enn kva som er normalt slåttregime på garden. Det vil seie om ein normalt sett har 3-slåttsregime, kan ein vurdera å ta 4 slåttar i år.

På Haugalandet er det framleis ein del som ikkje har fått fyrsteslåtten i hus. Ifølgje Dysjaland i NLR, vil dette graset vera strukturfôr som er lite egna til kyr i mjølkeproduksjon. For nokre bønder er avlingsmengda styrande, då vil det vera mest gunstig å utsette slåtten. Ho seier at mange ventar ei veke etter skyting for å få mest mogleg tørrstoff per dag for å auke grovfôrmengda. 

Figuren under er henta frå Surfôrboka av Magne Mo (2005) og viser utvikling i næringsinnhald ved ulike utviklingsstadium av graset. 

imagecpzx9.png

Avlingsmengda

Bøndene har fått ein god start på årets grovfôrsesong. Det ligg an til at det ikkje blir grovfôrmangel i år, men sesongen er ikkje over enda og det for tidleg å konkludera. Dysjaland seier at grunna prisauke på gjødsel dei siste åra, har fleire brukt mindre gjødsel på enga. Dette har ført til mindre grovfôravling, som igjen har ført til mindre grovfôr til omsetning i marknaden. Det betyr at dei fleste har brukt opp bufferlageret på garden. Det er ikkje lett å få ta i grovfôr og prisane er høge. Prisane på gjødsel har gått ned og avlingsmengda vil auke når ein bruker meir gjødsel, men det vil ta tid før ein får effekt og meir grovfôr til omsetning i marknaden. 

Frislepp på mjølkekvote og grovfôr

Mjølkebøndene har gode moglegheiter til å kunne auke innteninga på mjølkeproduksjonen inneverande kvoteår grunna frislepp på kvota. Nøkkelen for lukkast med å auke avdråtten hos kyrne er å produsera godt grovfôr. Å bruke grovfôr med høgt energiinnhald, vil redusera behovet for kraftfôr. Dette gjeld spesielt kraftfôr med høgt energiinnhald som kostar meir. Viss det blir for mykje struktur i grovfôret, vil det vera vanskeleg å auke mjølkavdråtten med kraftfôr åleine, uavhengig av kraftfôrtype.

Dysjaland sitt råd er å følgje med på enga resten av sommaren. Sidan fyrste slåtten var ei veke tidlegare enn normalt, kan ein forventa at slått nummer 2 blir tilsvarande tidleg. Legg vekk kalenderen, og følg med på utviklinga i graset - og på vêrvarselet.

Vi viser til NLR sin nettstad om grovfôr til ulike produksjonar

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.