Noreg må nytte potensialet for auka matproduksjonen
Pandemien har gitt auka mjølkeproduksjonen i Rogaland. Større forbruk av norske mjølkeprodukt og fråfall av grensehandel er ein del av forklaringa. Undersøkingar viser at den norske forbrukaren har blitt meir merksam på kvar maten kjem frå under pandemien, noko som understreker kor viktig det er å ha eit landbruk med transparent matproduksjonen og verdikjede.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Berekraftig og trygg matproduksjon basert på god forvalting av norske ressursar, lågt forbruk av medisin, restriktiv bruk av plantevernmidlar og god dyrevelferd er viktig no og i framtida.
Landbrukspolitikk og mjølkeproduksjon
Regjeringa ynskjer eit sterkt og konkurransedyktig landbruk i heile landet. Mangfaldet i norsk jordbruk er stort og ressursgrunnlaget for jordbruk varierer. Difor er det viktig at alle bruk nyttar sitt potensial. At import av mjølkeprodukt har gått ned sidan utbrotet av pandemien, syner at Noreg har eit potensial til å auke produksjon av mat på eiga grunn. Likevel synar utviklinga ein negativ trend der mjølkeproduksjonen i distrikta er under press. I Rogaland gjekk tal mjølkeføretak ned med 44 bruk frå 2019 til 2020. Størst nedgang finn me i distrikta.
Etter at Verdas handelsorganisasjon (WTO) fasa ut all bruk av eksportstøtte for landbruksvarer, tok TINE grep for å unngå svekka konkurransekraft. Difor blei det investert 800 millionar kroner i eit nytt meierianlegg i Irland for å produsere Jarlsberg. Produksjonsvolumet avsett til Irland fekk ei direkte verknad på norsk mjølkeproduksjon. Staten og bondelaget blei einige om eit ekstraordinært sal av 40 millionar kumjølkkvoter i 2019. Oppkjøpsordninga blei avslutta i 2020, då hadde Landbruksdirektoratet utbetalt om lag 480 millionar kroner til 435 selgarar av mjølkekvote. Staten kjøpte ut 35 millionar liter mjølk, 88 prosent av målet på 40 millionar liter mjølk. I Rogaland blei det meldt inn om lag 80 søknadar om sal av mjølkekvote som utgjorde til saman om lag 7 millionar liter mjølk.
Korona og trøbbel i Irland
TINE fekk utfordringar med oppstart av anlegget i Irland på grunn av manglande utsleppsløyve. Dette forsinka planlagd oppstart, og førte til at TINE framleis hadde behov for norsk mjølk til produksjon av ost til eksport. I tillegg kom utbrot av ein global pandemi som endra nordmenns matvanar. Det blei mindre import av mjølkeprodukt og nedgangen i forbruket av søtmjølk stagnerte. Landbruks- og matdepartementet auka difor forholdstalet for disponibel mjølk frå 1,05 til 1,07 i 2021.
Matproduksjon i framtida
Landbruket i Noreg er flinke til å tilpassa seg endringar. Endringsvilje er viktig for å komma framtidas utfordringar i møte med tanke på klima, miljø og krav til berekraftig matproduksjon og auka fokus på dyrevelferd. I krisetider ser fleire verdien av matberedskap og forsyningssikkerheit. Å imøtekomme framtidas FNs berekraftsmål som blant anna gjeld å utrydde svolt innan 2023, inneber eit stort ansvar for Noreg til å utvikle robuste metodar som auker produktiviten og produksjonen i landbruket. Med produksjonsmetodar som betrar jordas og arealas kvalitet, opprettheld økosystema og evnar å tilpasse seg klimaendringar skal landbruket i Noreg bidra med å optimalisera eigen produksjon og nytta eigne ressursar for matproduksjon.
Referanser:
Meld. St. 11 (2016 –2017) Endring og utvikling En fremtidsrettet jordbruksproduksjon
Matnasjonen Norge
FNs bærekraftsmål
https://www.fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal/utrydde-sult
Ekstraordinært salg av melkekvoter
https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/ekstraordinart-salg-av-melkekvoter/id2831061/
Kontaktpersoner
-
Janne Breivik
Tlf: 51 56 87 85