Kommunar og vaktdistrikt kan søkje stimuleringstilskot for å sikre veterinærtenester – søknadsfrist 3. mai
Tilskotet skal bidra til å sikre tilfredstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake område.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen i Rogaland har 548 000 kroner til fordeling i 2020.
Dei mest aktuelle stimuleringstiltaka er etableringsstøtte for å oppretthalde kommunale veterinærstillingar. Den tilsette òg kan bidra til å løysa andre oppgåver i kommunen som krev veterinærkompetanse.
Landbruksdirektoratet har laga ein rapport som syner næringsgrunnlaget i kommunen. Alle kommunar kan søkje, men Fylkesmannen skal fordele midlane der det er størst behov. Fleire kommunar kan samarbeide og sende felles søknad for eit vaktdistrikt. I slike tilfelle skal administrasjonskommunen søkje.
Lever søknaden i Altinn
Nytt frå 2020 er at søknaden skal leverast digitalt via Altinn. Skjemaet heiter «Stimuleringstilskudd til veterinærdekning». Frist for å søkje er utsett frå 19. april til 3. mai 2020.
Prioriteringar for tilskot
Fylkesmannen vil prioritere stimuleringstilskot til:
- kommunar med dårleg næringsgrunnlag for veterinærar og/eller med lavt dyretal og krevjande infrastruktur
- kommunar som har vanskar med å rekruttere og halda på veterinærar, og som har, eller vil, etablere hensiktsmessige tiltak for å avhjelpe situasjonen
Meir informasjon er å finne i Rundskriv 2019-43: «Stimuleringstilskudd til veterinærdekning for 2020», på Landbruksdirektoratets nettsider.