Investeringsstøtte gir effekt – stadig fleire svinebesetningar har status som SPF

Gris.
Gris. Foto: Monica Dahlmo.

13 griseprodusentar har i år fått investeringsstøtte til tiltak i samband med omlegging til SPF.

Publisert 25.09.2024

Omlegging til SPF gir reduksjon i smittestoff og sjukdommar, og bidrar til betre dyrehelse og dyrevelferd. For å få status som SPF må føretaka sanere og slakte ut heile grisebesetninga, og starte opp igjen med ny SPF-gris.  

Olav Tjelta er tilsett som prosjektleiar i SPF Rogaland og Vestland, og bidrar med å kartlegge og planlegge konkrete saneringar. Tjelta fortel at det stadig er nye besetningar som vel å sanere. Det blir no produsert omkring 150 000 SPF-smågris per år i Rogaland. 

Me har tru på at me kjem opp til  50 prosent SPF i løpet av 2025, seier Tjelta.  Han fortel òg at Randaberg kommune snart er i mål som “heilt fri”.  

SPF = Spesifikk patogenfri gris 

SPF står for «Spesifikk Patogen Fri», det vil seie at grisen er fri for spesifikke sjukdomsbringande smittestoff. SPF-grisen er blant anna fri for APP som kan forårsake lunge- og brysthinnebetennelse hos gris. APP er forkortinga for namnet på bakterien som kan gi denne sjukdommen. APP utgjer den største utfordringa.  

Avgjerande rolle i nasjonal matvareberedskap

Rogaland har 30 prosent av all grisen i Noreg, og det blir produsert 36 782 tonn svinekjøtt i regionen per år. Fylket har derfor ein viktig rolle i nasjonal matvareberedskap. I enkelte område ligg svinebesetningane tett. Det gir eit aktivt svinemiljø, men bidreg òg til auka smitterisiko.

Samarbeid må til

Svinenæringa har både kunnskap om og erfaring med luftsmitte innanfor ein gitt avstand. Derfor krev omlegging til SPF ofte at fleire partar blir involverte.   

Marie Nøkling, spesialveterinær gris i Nortura, fortel at Rogaland har meir smågris enn kva som er etterspurd, men for lite av SPF-smågris. 

- Slaktegrisprodusentar etterspør SPF-smågris, fortel Nøkling.   

Olav Tjelta fortel at nokre saneringar kan vere vanskelege å få til sjølv om bonden vil. Dette grunna finansiering og /eller nærleik til andre svinebesetningar. I dei regionale prioriteringane for 2023 blei det opna for at Innovasjon Norge kunne støtte investeringar i samband med omlegging til SPF-gris.

Dette har vore eit viktig verkemiddel for å få fleire produsentar til å sanere til SPF-gris. Spesielt har dette vore ein viktig faktor for å få til områdesanering. No er potten tom, og inntil me får meir pengar, så stoppar prosjektet nærast opp, fortel Tjelta. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.