Bli tryggare på å handtere kritiske situasjonar i husdyrhaldet
Det vil handle om bonden som må ta riktige val til riktig tid når spesialveterinær Elisiv Tolo frå Animalia kjem til Agrovisjon.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Elisiv Tolo har meir enn tjue års erfaring frå Animalia, og hennar spesialfelt er bedøving og avliving. På seminaret om dyrevelferd vil ho gå nærare inn på vurdering av helsetilstand til skadde og sjuke dyr, utstyr til og metodar for nødavliving og om flytting av dyr.
- Utfordringane for bøndene er mange og det gjere det ikkje lettare når vurderingsskalaen ikkje er absolutt, seier Elisiv Tolo.
Kunnskap gir tryggleik
Det er bonden som har det fulle og heile ansvaret for vurdering av liv og død. Bonden må i tillegg vere trygg på korleis rett avliving skal gjerast. Elisiv Tolo stiller spørsmål om rett våpentype blir brukt ved bedøving. For store dyr, - held det med den boltpistolen du har? For spegris,- kva bør ein gjere?
Ei anna utfordring er opplasting av dyr. Det er nok ein del drivgangar og lasteramper som bør utbedrast for å gjere forholda meir optimale for dyr som blir flytta. Stressa bonde og stressa dyr er det ingen som ønsker.
- Det tek månader eller år å produsere eit dyr med rett kvalitet, og berre 30 minutt å øydeleggje det, seier Elisiv Tolo.
Kom på seminar!
Bønder, veterinærar, husdyrrådgivarar! Kom på seminaret så får dykk vite meir om dei kritiske situasjonane i husdyrhaldet. Seminaret om dyrevelferd blir arrangert 2. november kl 10 – 15, i Stavanger Forum Expo. Det er gratis og krev inga påmelding.
Arrangørane er Fatland, Nortura, Prima, Tine, Q-meieriet, Rogaland bondelag, Rogaland bonde- og småbrukarlag, Norsvin, Tyr, Rogaland Sau og geit, Rogaland veterinærforening og Fylkesmannen i Rogaland.