Vil du rekne ut dei nye spreiearealkrava?

Lausdriftsfjøs i Bjerkreim kommune.
Framlegg til ny gjødselbruksforskrift inneheld oppdaterte normtal for fosforutskiljing per dyreslag. Foto: Monica Dahlmo.

Ny gjødselbruksforskrift er på høyring, og Statsforvaltaren i Rogaland og Landbruksdirektoratet har utarbeidd ein kalkulator til hjelp for å rekne ut dei nye spreiearealkrava på eigen gard. 

Publisert 24.04.2024

Oppdaterte normtal for fosforutskiljing per dyreslag og strengare fosforkrav per dekar gjer at dei fleste husdyrbruka i Rogaland vil få auka krav til spreieareal for husdyrgjødsel. – Det er viktig at kvar einskild bonde reknar på sitt eige behov. Vi tok difor initiativ til å utvikle ein eigen kalkulator i samarbeid med Landbruksdirektoratet, seier landbruksdirektør Monica Dahlmo. 

Kalkulatoren finn du på heimesida til Landbruksdirektoratet, sjå: https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/jordbruk/miljo-og-klima/husdyrgjodsel-og-gjodsling/forslag-til-nytt-gjodselregelverk/_/attachment/inline/e9139941-63c2-4aed-b57b-f0493145a0b4:7407d9d97a6cbcb940ba98563a92849a1ab8a7c4/Fosforkalkulator_versjon%2023042024.xltx

Dette er versjon 1.0 av kalkulatoren, og vi tek atterhald om eventuelle feil og manglar. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.