Ny gjødselbruksforskrift blir til å leve med
I februar 2025 kjem det nye forskrifter om bruk av gjødsel. Det blir innstrammingar, men nye fosforgrenser vil gjelde først frå 2027. Det gir rimeleg god tid for tilpassing.
Rogaland blir teke omsyn til
I høyringsuttalen frå Statsforvaltaren blei det peika på at Rogaland bør få fosforgrenser som speglar avlingsnivå, og at det bør vere ei tilpassingsperiode for nytt regelverk. Etter det som nå kjem fram, er det teke omsyn til vårt råd som m.a. gitt med grunnlag i eit eige fagrunnlaget som blei laga frå Rogaland.
Biogass kan bli ein del av løysinga
I Rogaland kan vi faktisk oppleve at det blir kamp om husdyrgjødsla og bøndene. Fleire aktørar har konkrete planar om biogassanlegg, og har invitert bønder til å signere avtalar om levering av gjødsel. Vår vurdering er at lokalisering av anlegga må vere sentralt når det skal skrivast forpliktande avtaler om levering og mottak av gjødsel. Men her er eit stort potensiale i husdyrtette Rogaland, det gjeld også lokal bruk av biogassen .
Dette kan gå bra!
Det vil bli ein krevjande periode i 2025 når det skal riggast eit system for dokumentasjon av fosforrekneskap på gardsnivå, og eit verktøy som skal nyttast i forvaltinga. Særleg for dei som vel alternativet balansegjødsling. Vi vil gjere det vi kan for å løyse dei utfordringar som vil kome.