Frist for etterregistrering er 10. januar!
Dersom du har søkt om produksjonstilskot eller tilskot til avløysing ved ferie og fritid i oktober, kan du etterregistrere nokre opplysningar. Ver merksam på at registrering må skje innan 10. januar!
Følgande opplysningar kan du registrere innan 10. januar:
- Utgifter til avløysing som føretaket har hatt etter 15. oktober
- Dyr sanka frå utmarksbeite etter 15. oktober
- Livdyr av kylling og kalkun som er selde etter 15. oktober
- Rugeegg levert til rugeri etter 15. oktober
- Frukt, bær, veksthusgrønsaker og salat på friland som er selde etter 15. oktober
Korleis registrere opplysningane?
Etterregistrering skjer i same søknadsskjema som er sendt inn tidlegare. Klikk på knappen "endre og lever søknaden" og gjer endringane du ynskjer i Altinn.
Hugs at du må ha levert søknad i oktober for å kunne etterregistrere opplysningar. Har du spørsmål må du ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen.
Sjekk kvitteringa!
Hugs å sjekke at du har fått tilsendt kvittering etter at du har trykt «Send inn». Kvitteringa får du tilsendt i Altinn, og dette er din dokumentasjon på at etterregistreinga er levert inn. Fristen for etterregistrering er absolutt, og opplysningar sendt inn etter fristen kjem ikkje med i utbetalinga. Vi oppmodar søkjarar om å registrere opplysningane i god tid før 10. januar. Då rekk du kontakte kommunen dersom du får problem med registreringa.