Ein kan nå søke om sal av mjølkekvote

Mjølkekyr på beite. Foto Eli Munkeby Serigstad

Landbruksdirektoratet tek no i mot søknader om sal av mjølkekvote. Fristen for å melde inn sal av grunnkvote er 1. august. Innvilga sal trer i kraft frå 1. januar 2025.

 

Publisert 27.05.2024

Reglane for sal av mjølkekvote vart endra som følgje av jordbruksoppgjeret. Endringa gav moglegheit for at eigarar av landbrukseigedom med grunnkvote kunne velje om dei ville selje heile eller delar av kvota til private kjøparar innanfor same produksjonsregion i 2023 og 2024.

Ved sal av grunnkvote, må ein vanlegvis selje ein bestemt prosent til staten. Prisen for sal av kvote til staten er sett til 4 kroner per liter.

I 2023 vart det seld kvote på totalt 7 060 755 liter frå 65 føretak i Rogaland. Alt er registrert som privat sal. Det er registrert kjøp av kvote frå 79 føretak.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.