Svinenæringa i Rogaland tek ansvar
På valentinsdagen var svinenæringa i Rogland samla, ikkje berre for å feire kjærleiken for grisen – men med eit ønskje om å løfte næringa.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Bakgrunnen for møtet var resultata frå Mattilsynet si tilsynskampanje. Næringa tek funna på største alvor og er fast bestemt på å arbeide systematisk med rette forbetringstiltak. Fleire tok til orde for at me oppi denne situasjonen også må hugse det positive. Me har ein frisk gris – fri for fleire sjukdommar som andre land strever med. Tall frå slakteria viser til dømes ein stor nedgang i halesår. Mange svinebønder i Rogaland driv godt – men fleire må løftast. Det var brei eining om å etablere ei gruppe som skal arbeide med kontkrete tiltak.
Ei samla næring med eit fellesmål – visst e me gode, men heile næringa skal bli betre!