Beitekrav er no kopla til arealsonene

Kyr på beite i Sandnes foto av Iris- Adele Jess

Krav til beitetid i holdforskrifta for storfe på bås er no knytt til kva for ei arealsone beiteområdet ligg i.

Publisert 27.09.2024

Det har no kome presiseringar av beitekrav i forskrift om hold av storfe for storfe i båsfjøs. Kva for ei arealsone beiteområde ligg i er no avgjerande for lengda på kravet om beitetid. For storfe i båsfjøs med beiteområde i areal sone 1 - 4, er det krav om 16 veker. For beiteområder i areal sone 5 - 7, er det krav om 12 veker.

Endringa i forskrift om hold av storfe er gjeldande frå 2. september 2024. Oversikt over arealsonene ligg i jordbruksavtalen. Lenkje til forskrift og jordbruksavtale finn du i høgremargen.

Kravet om 16 veker beitetid for storfe i båsfjøs gjeld for beiteområde i desse kommunane: 

  • Stavanger, unntatt tidlegare Finnøy og Rennesøy 
  • Sandnes, unntatt tidlegare Forsand
  • Bjerkreim
  • Klepp
  • Time
  • Gjesdal
  • Sola
  • Randaberg
  • Strand

Krav om 12 veker beitetid for storfe i båsfjøs gjeld for beiteområde i desse kommunane:

  • Egersund
  • Stavanger, beiteområde i tidlegare Finnøy og Rennesøy
  • Haugesund
  • Sandnes, beiteområde i tidlegare Forsand
  • Sokndal
  • Lund
  • Hjelmeland
  • Suldal
  • Sauda
  • Kvitsøy
  • Bokn
  • Tysvær
  • Karmøy
  • Utsira
  • Vindafjord

Kart som viser soneinndeling henta fra Landbruksdirektoratet si nettside.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.