Smittevern blir løfta til nye høgder
I løpet av det siste året er arbeidet med smittevern blitt intensivert i husdyrnæringa i Rogaland, og resultata lar ikkje vente på seg.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Noreg er i verdstoppen når det gjeld god dyrehelse, men me må ikkje ta ho for gitt. I Rogaland vurderast smittepresset til å vere høgt på grunn av dyretettleik, mykje bruk av utanlandske arbeidskraft, og import av dyr, utstyr og maskinar.
Bondeorganisasjonane, slakteria, meieria, Rogaland Veterinærforeining, Norsk klauvskjerarlag, Mattilsynet og Fylkesmannen i Rogaland starta i 2016 eit svært viktig samarbeid om å stoppe spreiinga av smittsame storfesjukdommar. Samarbeidet har vore konsentrert om å jobbe fram gode haldningar til smittevern. Godt over halvparten av storfebøndene i fylket har delteke på eit av dei tjuetals informasjonsmøte i regi av prosjekteigarane. Dette har vore starten på det som skal gjere rogalandbruket betre rusta for framtida med tanke på smittevern.
- Prosjektet har vore vellukka, men me skal aldri tillate oss å kvile på laurbæra, seier prosjektleiar Liv Sølverød, seksjonsleiar TINE Rådgiving.
Smittevernsjef på eigen gard
Alle aktørar som er i kontakt med dyr og matproduksjon, må alltid vere merksame på smittevern. Dette gjeld spesielt bonden som har ansvar for å smittesikre si bedrift. Alle som ferdast frå fjøs til fjøs har eit sjølvstendig ansvar for å ha ein smittesikker oppførsel.
Bønder som får påvist smittsame sjukdommar i buskapen, og som dermed opplever restriksjonar for sal av dyr, blir ofte frustrerte og fortvilte. Stadig fleire erkjenner at det må jobbast målretta med haldningar til dokumentasjon, rapportering og smittevern. Dette er og blir ein kontinuerleg prosess. Skippertak held ikkje, dæ æ jabnå så dræge.
Målbare forbetringar
Utover hausten og vinteren 2017/18 registrerte Tine sin beredskapstelefon stor auke i innmelding av smittsame sjukdommar frå Rogaland. Det viser at bønder og veterinærar har fått betre innsikt i og kunnskap om kor smitte finnast og korleis den opptrer. Dette er ein direkte effekt av prosjektet sitt arbeid, og denne innsikta og åtferda blir det svært viktig å vidareføre i framtida. Det er og skapt meir forståing for at gode, kontinuerlege smittevernrutinar er viktige tiltak i dyretette område, fordi konsekvensane blir store om ein lar smitte spreie seg. Slike rutinar må vere i kontinuerleg drift for å hente ut smitteverneffekten. Haldningar som «det nyttar ikkje her» førekjem ikkje så ofte som før.
«Rogaland løftar i flokk» har blitt eit godt løft, og samarbeidet om utvikling av smittevernrutinar bør fortsette.