Sau- og lammekjøt produserast på beite
Lamminga er i full gang, og dei første søyene med lam er ute på beite. Dette blir ofte omtala som «vårens vakreste eventyr».
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Rogaland er gras- og beitefylket
Vi har om lag 20 prosent av dei grovfôrbaserte dyreslaga, og mesteparten av jordbruksarealet (innmark) er gras. Det er mange bønder som har store beiteareal på garden, og beitedyra går då i stor grad på heimebeite. Ein vesentleg del av heimebeitet er innmarksbeite. Sau- og lammekjøt blir i all hovudsak produsert på beite.
Låg andel sau i beitelag
Sauen er det husdyrslaget som utnyttar utmarksbeite best. Organisert beitebruk gjennom beitelag er å leggja til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, og redusera tap av dyr gjennom organisert tilsyn, sanking og andre målretta tiltak i beiteområda. Vi har relativt låg andel av dyra med i organisert beitebruk, og det skuldast at mange sauebønder har store beiteareal heime på garden.
Lite utval sau og lam i butikkane
NRK Forbrukerinspektørene hadde nyleg ein reportasje om sau- og lammekjøt. I denne reportasjen kom det fram at vareutvalet av sau- og lammekjøt i 85 butikkar var lite samanlikna med andre kjøtslag.
Marknadssituasjonen framleis krevande
Nortura har på vegne av styresmaktene ansvaret for marknadsregulering av kjøt. Prognosen pr mars viser ein overproduksjon på 600 tonn sau-lammekjøt i 2018. I tillegg var det nesten nesten 2.900 tonn på reguleringslager ved inngangen av året.