Fylkesmannen i Rogaland vil ha ei berekraftig utvikling av pelsdyrnæringa
I uttalen på «Høring-NOU 2014: 15 Norsk Pelsdyrhold-bærekraftig utvikling eller styrt avvikling» er Fylkesmannen i Rogaland samd med fleirtalet i det regjeringsoppnemnde utvalet om ei berekraftg utvikling av pelsdyrnæringa og tiltak for å styrkja legitimiteten og konkurransekrafta.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Den norske pelsdyrnæringa er ei lønsam og internasjonalt konkurransedyktig næring. Fylkesmannen i Rogaland er samd med fleirtalet i utvalet om ei berekraftig utvikling av pelsdyrnæringa og tiltak for å styrkja legitimiteten og for å oppretthalda eller styrkja konkurransekrafta. Viktige berekraftmoment vil då vera:
- Dyrevelferd
- Skade og risiko knytt til rømming
- Samfunnsøkonomi og ressursutnytting
For meir informasjon viser vi til vedlagt utgreiing frå det regjeringsoppnemnde utvalet og høyringsuttalen.