Føretakskontroll av produsentar som driv med svin og fjørfe

Svine- og fjørfeproduksjonen er regulert gjennom lov og forskrift. Fylkesmannen gjennomfører årleg dokumentkontroll av føretak som driv med svin og fjørfe etter den såkalla to-årsregelen. Dessutan blir det gjennomført kontroll ute på bruket, i første rekke av avlspurker.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.09.2017

Det er Fylkesmannen som har ansvar for å kontrollere at husdyrkonsesjonsregelverket blir overheldt. Dersom ein har produksjon over konsesjonsfri grense eller innvilga konsesjon, så blir det ein reaksjon.

Konsesjonsgrensene

For slaktegris er konsesjonsgrensa 2 100 omsette og slakta grisar pr år, i smågrisproduksjonen er konsesjonsgrensa 105 avlspurker og i kombinert svineproduksjon er grensa 2 100 konsesjonseiningar. Ein slaktegris blir rekna som ei konsesjonseining, og ei avlspurke utgjer 20 konsesjonseiningar. Ei avlspurke er definert som ein gris som har født minst eitt kull med grisungar. I eggproduksjon er konsesjonsgrensa 7 500 høner og for slaktekylling 280 000 omsette og slakta kyllingar pr. år.

I Rogaland er det om lag 25 produsentar (svin/fjørfe) som har konsesjon til å driva over konsesjonsgrensene. Dessutan er det i fylket tre purkeringar der navet har konsesjon med 450 avlspurker. I purkering utgjer ei avlspurke 40 konsesjonseiningar.

Dokumentkontroll og to-årsregelen

Det blir årleg gjennomført dokumentkontroll av føretak basert på Landbruksdirektoratet sine slakterapportar og opplysningar om produksjonstilskot for avlspurker og høner. Det er etter to-årsregelen lovleg å produsera inntil 15 % over konsesjonsgrensa/tildelt konsesjon første året, mot at produksjonen blir redusert tilsvarande det andre året.

Fylkesmannen sender første året ut brev til desse føretaka, der vi informerer om kor mykje produksjonen må reduserast det andre året for å unngå ein økonomisk reaksjon. For føretak som det andre året ikkje har redusert produksjonen tilstrekkeleg, blir det gjort vedtak om betaling av standardisert erstatning. Dersom produksjonen første året er meir enn 15 % over konsesjonsgrensa/tildelt konsesjon, blir det sendt ut varsel og deretter vedtak om standardisert erstatning for den ulovlege produksjonen. Dersom det ved kontroll ute på bruket eller ved tips frå kommunar m.fl. blir påvist ulovleg produksjon, blir det sendt ut varsel og deretter vedtak om betaling av standardisert erstatning.

Satsar pr. dyr for standardisert erstatning

  • Slaktegris kr 300
  • Avlspurke kr 10 500
  • Avslpurke i satelitt i purkering kr 18 500
  • Avslpurke i nav i purkering kr 1 800
  • Slaktekylling kr 4
  • Verpehøns kr 90

Meir informasjon om regelverket finn du på nettsidene hos Landbruksdirektoratet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.