Føretak med svin og fjørfe må betala millionbeløp for overproduksjon
Produksjonsomfanget i svine- og fjørfeproduksjon er regulert gjennom lov og forskrift. I 2014 gjennomførte Fylkesmannen kontrollar av 43 føretak. 29 føretak måtte betala såkalt standardisert erstatning for overproduksjon til Omsetningsrådet, og samla beløp utgjorde kr 1.046.808.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dei konsesjonsfrie grensene har vore:
- Slaktekyllingproduksjon med inntil 140.000 slaktekyllingar pr år
- Eggproduksjon med maksimalt 7.500 høner til ei kvar tid
- Svineproduksjon med inntil 2.100 slaktegrisar pr år, eller maksimalt 105 avlspurker til ei kvar tid, eller kombinert svinehald innafor 2.100 konsesjonseiningar
I tillegg er det eigne reglar for purkeringar. Dei standardiserte satsane ved overproduksjon har vore kr 3 per slaktekylling, kr 55 per høne, kr 300 per slaktegris og kr 6000 per avlspurke.
Fylkesmannen gjennomfører årlege kontrollar av føretak med svin og fjørfe, og i 2014 blei 43 føretak kontrollerte. 29 føretak måtte betala standardisert erstatning for overproduksjon til Omsetningsrådet. Av desse var 27 slaktekyllingprodusentar og to slaktegrisprodusentar. Beløpa varierte frå nokre tusen til i overkant av kr 200.000, og samla beløp utgjorde kr 1.046.808.
Nye konsesjonsgrenser
Frå 2015 har Landbruks- og matdepartementet dobla den konsesjonsfrie grensa for slaktekyllingproduksjon til 280.000 dyr pr år, og Departementet har fastsett ny standardisert sats for slaktekylling på kr 4 per dyr, kr 90 per høne og kr 10.500 per avlspurke. Satsen for slaktegris er som før, kr 300 per dyr.
Meir informasjon om regelverket finn du hos Landbruksdirektoratet.