Treng du råd for å omstilla gartneriet til ei meir berekraftig drift?
NIBIO tilbyr individuell rådgiving til gartnarar som ønskjer hjelp til å driva meir berekraftig og klimavenleg. Dette er eit gratis tilbod, og det er først til mølla som gjeld.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
NIBIO har fått regionale tilretteleggingsmidlar frå Rogaland fylkeskommune til eit prosjekt som skal hjelpa veksthusnæringa på vegen mot ei meir berekraftig drift. NIBIO tilbyr no individuell rådgiving til gartnarane i fylket.
I løpet av dei neste åra må mange gartnarar ta store beslutningar og gjera kostbare investeringar for å driva meir berekraftig og klimavenleg. Det finst mykje teknologi, men det kan vera vanskeleg å sjå kva den beste løysinga er for eige gartneri. Utgangspunktet for gartneria er også ulik - storleik, type produksjon, nærleik til infrastruktur og kapasitet på strømnettet varierer.
Meld interesse til NIBIO, så vil dei koma på besøk og kartlegga moglegheitene og hjelpa med å finna dei rette løysingane i ditt gartneri. Dei kan òg hjelpa med å finna moglege støtteordningar for tiltaka.
Ta kontakt med Henk Maessen i NIBIO dersom du er interessert:
E-post: henk.maessen@nibio.no
Tlf. nr.: 90115629