Utsett: Fagdag om gardsvarmeanlegg den 12. november på Bryne

Fagdagen om gardsvarmeanlegg den 12. november på Bryne er utsett inntil vidare som følgje av koronasituasjonen. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.10.2020

I samarbeid med Fylkesmannen i Rogaland og Rogaland Bondelag inviterer CH4 til fagdag for gardbrukarar og produsentar innanfor landbruket.                

Eit intensivt landbruk inneberer høgt energiforbruk innan mange produksjonar, eksempelvis kylling, smågris og grønt i veksthus. Bruk av bioenergi og varmeproduksjon ved fyring av flis eller ved i eit gardsvarmeanlegg er eit reelt alternativ til andre energiberarar, og kan vere både meir økonomisk og klimavenleg.

I løpet av fagdagen vil du få ei innføring i korleis eit gardsvarmeanlegg fungerar, ulike råstoff, økonomiske avveiingar og støtteordningar til gardsvarmeanlegg og landbruksbygg i tre frå Innovasjon Norge. Me får også høyre om korleis bygge landbruksbygg i tre, frå skisse til ferdig bygg. Dagen ender med omvisning hjå gardbrukar Jo Pollestad som forteljer om sine erfaringar med flisfyring i kyllingproduksjon.

 

Tid og stad: 12. november 09.45 - 15.00 på Bryne Kro og Hotell. Det blir også ein seanse ute på Nærbø med omvisning i flysfyringsanlegget il kyllingprodusent Jo Pollestad. 

Program

Tid Tema Innleiar
09.45 - 10.00 Drøs og kaffi  
10.00 - 10.10

Velkomen og innleiing 

Landbruket - ein del av klimaløysinga

Marit Epletveit

Rogaland Bondelag

10.10 - 11.00

Gardsvarmeanlegg

Anleggstypar, praktiske løysingar, råstoff, varmenett, investeringar og økonomi

Karl Ludvig Ådland

CH4

11.00 - 11.30 Lunsj  
11.30 - 12.30

Gardsvarmeanlegg fortsett

Inkludert produksjon av biokol på gardsnivå

Karl Ludvig Ådland

CH4

12.30 - 12.45 Støtteordningar for investeringar i gardsvarmeanlegg og bygg i tre

Aart-Dirk van Zanten Magnussen

Innovasjon Norge Rogaland

12.45 - 13.00 Tre som konstruksjonsmateriale i landbruksbygg

Daniel Andreas Breivik

Norsk landbruksrådgiving Rogaland

13.00 Avreise for omvisning på flisfyringsanlegget til Jo Pollestad  
15.00 Avslutning  

 

Frist for påmleding: Bindande påmelding innan 4. november. Påmelding skjer i skjemaet nedst på sida.

Deltakaravgift: Arrangementet er gratis.

Arrangør: CH4, Rogaland bondelag og Fylkesmannen i Rogaland, med støtte frå Rogaland Fylkeskommune og Innovasjon Norge.

Ved spørsmål ta kontakt med Birgit S. Hagalid, Fylkesmannen i Rogaland. bisha@fylkesmannen.no,  51 56 88 91

På grunn av korona-situasjonen tek vi atterhald om at seminaret kan bli avlyst på kort varsel.

 

Påmelding til fagdag om gardsvarmeanlegg

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.